Heiðrekur Guðmundsson

Faktaboks

Heiðrekur Guðmundsson
uttale:
gvˈu-
født:
5. september 1910, Aðaldalur i Suður-Þingeyjarsýsla
død:
29. november 1988, Akureyri

Heiðrekur Guðmundsson var ein islandsk diktar, son av forfattaren Guðmundur Friðjónsson.

Heiðrekur høyrer til dei fremste lyrikarane på Island innan den tradisjonelle arbeidar- og bondediktinga. Han debuterte med Arfur öreigans (Proletarens arv, 1947), etterfølgd av mellom anna Af heiðarbrún (Frå åskammen, 1950), Vordraumar og vetrarkvíði (Vårdraumar og vinterotte, 1958) og Mannheimar (1966).

Han er representert med gjendiktingar av Ivar Orgland i antologien Islandske dikt frå vårt hundreår (1975).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg