Hege er eit kvinnenamn som er dialektform av det norrøne Helga med tydinga ‘den heilage’.

Hege var særleg brukt i Vest-Telemark og Setesdal før det frå 1960-åra vart vanleg i heile Noreg.

Namnet har fleire variantar: Hege, Helga, Helje, Hella, Hæge.

Namnedag er 30. september. Helga og Helge har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Hege

Kulturell bruk

  • Hege er syster til Mattis i «Fuglane» (1957) av Tarjei Vesaas. Boka vart filmatisert i Polen i 1968.

Kjende personar med namnet Hege

Eit utval personar med namnet Hege, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 13 022 kvinner i Noreg som hadde Hege som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Hege var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner.

Utvikling i bruk av namnet

Tidleg i 1970-åra låg Hege høgt oppe på ranglista – som nummer 2 i 1970 og 1973 og som nummer 3 i 1971 og 1972. Det er ikkje noko i skildringa av Hege i «Fuglane» av Vesaas som skulle tilseie at namnet Hege skulle bli så populært. Grunnen er nok heller at Hege av mange foreldre vart oppfatta som eit nytt namn, og dessutan var det i samsvar med eit svært populært lydmønster for jentenamn i samtida: to stavingar og ending på -e. Eit allment trekk ved tostava kvinnenamn på -e er at dei låg på eit høgt nivå i perioden 1955–1999. I tillegg til Hege gjeld dette til dømes Bente, Hanne, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Silje, Tone, Tove og Wencke.

Utvikling i bruk av namnet Hege frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Hege frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg