Heardøya og McDonaldøyane er eit australsk territorium i det sørlege Indiahavet. Territoriet er ikkje busett og består av Heardøya (368 kvadratkilometer) og McDonaldøyane (2,5 kvadratkilometer, ligg 43 kilometer vest for Heardøya).
Heardøya og McDonaldøyane er ein av dei mest avsidesliggjande stadene i verda, og ligg på 53° 06ʹ sørleg breidde og 73° 31ʹ austleg lengd, over 4100 kilometer sørvest for Perth i Vest-Australia og cirka 1700 kilometer nord for kysten av Antarktis.
Aktive vulkanar pregar begge øyane. Dei er dei einaste aktive vulkanane på australsk territorium, og dei einaste aktive vulkanane på dei subantarktiske øyane. Heardøya er dominert av det vulkanske fjellmassivet Big Ben (2745 meter over havet), som er høgaste punkt på australsk territorium (sett bort frå den australske sektoren i Antarktis). Størstedelen av Heardøya er dekt av isbrear (79 prosent i 1947, 68 prosent i 1988). Klimaet er kaldt og fuktig og er prega av hyppige stormar. Her finst store sjøfuglkoloniar med blant anna fem pingvinarter, slirenebb, to albatrossartar, kjempestormfugl og kappdue. Yngleplass for kerguelenpelssel og sørleg sjøelefant.
McDonaldøyane er eit arkipel av McDonaldøya, Flat Island og Meyer Rock. Eit vulkanutbrot på McDonaldøya i 1997 dobla arealet på øya og sameinte han med Flat Island.
Heardøya blir besøkt sporadisk av forskingsekspedisjonar, cirka kvart tredje år, medan McDonaldøya berre har vore besøkt to gonger, første gong i 1971. Begge øyane blei i 1997 oppførte på UNESCOs verdsarvliste på grunn av det dynamiske samspelet mellom aktive vulkanar og isbrear og det sjeldan intakte økosystemet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.