Hasan Ali Toptaş

Faktaboks

Hasan Ali Toptaş
Uttale

h'assan 'ali t'oppt'asj

Født
15. oktober 1958, Denizli

Hasan Ali Toptaş er ein tyrkisk forfattar. Han slo igjennom på 1990-talet med romanar som vart omtalte som postmodernistiske og fekk ei rekke prisar.

Gjennombrottet kom med romanen Skuggelause i 1995. Toptaş blir rekna som ein eineståande ordkunstnar og ein fantasifull forteljar.

Bibliografi

  • Bir Gülüşün Kimliği 'Identiteten til ein latter' (novellesamling), 1987.
  • Yoklar Fısıltısı 'Det kviskrar dei er borte' (novellesamling), 1990.
  • Yalnızlıklar 'Einsemder' (dikt), 1990.
  • Ölü Zaman Gezginleri 'Død tids turistar' (novellesamling), 1993.
  • Sonsuzluğa Nokta 'Punktum for æva' (roman), 1993.
  • Gölgesizler 'Skuggelause' (roman), 1995.
  • Kayıp Hayaller Kitabı 'Boka for tapte draumar' (roman), 1996.
  • Ben Bir Gürgen Dalıyım 'Eg er ein agnbøkkvist' (barnebok), 1997.
  • Bin Hüzünlü Haz 'Tusen tungsinns glede' (roman), 1998.
  • Uykuların Doğusu 'Aust for svevnen' (roman), 2005.
  • Harfler ve Notalar 'Skrifter og notat' (essaysamling), 2007.
  • Heba 'Fåfengd' (roman), 2013.
  • Başlarken Yalnızsın Bitirdiğinde Daha da Yalnız 'Når du byrjar, er du einsam, og når du er ferdig, endå meir' (essaysamling), 2014.
  • Kuşlar Yasına Gider 'Fuglar fer for å sørgje' (roman), 2016.
  • Geçmiş Şimdi Gelecek 'No er fortid framtid' (novellesamling), 2016.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg