Faktaboks

Hartvig Kiran
Fødd
3. november 1911, Ålesund, Møre og Romsdal
Død
15. august 1978, Oslo
Verke
Kringkastingsmann og lyriker
Familie

Foreldre: Bygningsarbeider Hartvig Nikolaisen Kiran (1876–1953) og Elisabeth Pettersson (1886–1967).

Gift 1947 med oversetter Anna-Karin Nordheim (3.3.1923–), datter av regnskapssjef Ole Peder Nordheim (1894–1955) og Ragna Andresen (1893–1976).

Hartvig Kiran

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Hartvig Kiran
Av /NTB Scanpix ※.

Hartvig Kiran var ein norsk kringkastingsmann, gjendiktar, visemakar og lyrikar. I 40 år var røysta hans å høyre i NRK, i reportasjar og lyrikkprogram. Han gjendikta Shakespeare, Brecht og musikalar for Det Norske Teatret.

Bakgrunn

Hartvig Kiran var fødd i Ålesund i Møre og Romsdal og døydde i Oslo. Han tok latinartium i Ålesund i 1931 og vart cand.philol. med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1937. Emnet for hovudoppgåva var bakgrunnen for Ivar Aasens dikting.

Kringkasting

Hartvig Kiran 1944
Under krigen var Hartvig Kiran programsekretær i NRK sitt London-kontor.
Av /Riksarkivet.
Lisens: CC BY 2.0

Kiran tok til i NRK som nynorsk hallomann i 1938. Han tok over etter Karl C. Lyche, den første nynorske hallomannen, som i 1937 gjekk over til nyhendeavdelinga som redaksjonssekretær. Kiran hadde òg vakter i nyhendetenesta. 9. april 1940 var det han som sat i studio med ansvaret for nyhenda. I februar 1941 reiste han til Storbritannia og laga under Toralv Øksnevad fleire større reportasjar for den norske seksjonen i BBC, mellom anna frå ein konvoi over Atlanterhavet. Kiran var programsekretær for NRKs kontor i BBC i London i 1941–1945 og var deretter redaksjonssekretær i NRK frå 1946.

Etter krigen fekk Kiran ansvaret for programposten Aktuelt, som vart send etter Dagsnytt. Frå 1950 hadde han også ansvar for vekemagasinet Frå verkstad og fabrikk, som tok opp emne frå industrien. Kiran dekte fleire av dei store hendingane i samtida, mellom anna flaumkatastrofen i Nederland i 1953 og kong Haakons gravferd i 1957. I 1958 vart han leiar for opplysingsavdelinga i NRK. I september 1962 kom den første sendinga med Ønskediktet, eit populært radioprogram som Kiran skapte og stod for så lenge han levde.

Gjendikting, lyrikk og viser

Kiran var òg ein framifrå gjendiktar av poesi og skodespel frå andre språk. Halldis Moren Vesaas meinte at han var «ein av dei fremste gjendiktarane vi har hatt». For Det Norske Teatret omsette han både Shakespeares Hamlet (1967) og Macbeth (1962, oppført 1977), Brechts Den kaukasiske kritringen (1962) og Det gode menneske frå Sezuan (1975), og musikalar som Annie Get Your Gun (1956), West Side Story (1965), Kongen og eg (1966) og Spelemann på taket (1968). Han hausta òg ros for gjendiktinga av Evert Taubes viser til kabareten Så lenge skuta kan gå (1978). Til saman gjorde han eit tjuetal gjendiktingar for teatret.

I gjendiktingane av lyrikk la han stor vekt på rytmen i dikta. Det var for han noko av det viktigaste ved poesien. I 1959 gav han ut Dikt i utval av Robert Burns, som han fekk Bastianprisen for. I 1966 kom samlinga Med lånt lyre, gjendiktingar frå engelsk og tysk som spente frå Walther von der Vogelweide, tyske folkeviser og Shakespeare til Carl Sandburg, T.S. Eliot og Rainer Maria Rilke. Så følgde i 1967 Den makelause jord, gjendiktingar av utvalde dikt av den italienske lyrikaren Salvatore Quasimodo. Og året etter redigerte Kiran den store antologien Framande dikt frå fire tusen år saman med Sigmund Skard og Halldis Moren Vesaas. Han gjendikta sjølv ei rad dikt for denne antologien.

Han skreiv òg dikt sjølv, men ser ein bort frå visene hans, kom det inga samling av eigne dikt før året etter han døydde, i 1979. Då redigerte Halldis Moren Vesaas Med eiga lyre, eit utval etterlatne tekstar og ein del som hadde vore prenta før. Kiran skreiv viser og sette tone til dei, i tillegg til å gjendikte andre sine viser. I 1962 gav Kiran ut ei samling gjendiktingar av amerikanske folkesongar, Tom Duley og andre viser. Seinare følgde hans eigne viser, Viser frå min gitar i 1971 og Viser til Mariann i 1973.

Kiran var del av den norske visebølgja som voks fram frå slutten av 1960-åra, og var med i gruppa Visens Venner. Her kunne ein treffe veteranar som Jakob Sande, Erik Bye, Thorbjørn Egner og Otto Nielsen, og yngre folk som Birgitte Grimstad, Hege Tunaal, Lillebjørn Nilsen og Lars Klevstrand. På dei to platene som Visens Venner gav ut i 1969 og 1970, framfører Kiran «The Jotunheimen Jitterbug» (bygd på Kristofer Jansons «Paa Fjellet» frå 1867) og «Ei sild og ei til». Visa «Ei sild og ei til» vart elles nytta i striden mot EF-medlemskap i 1972. Andre visekunstnarar som har spela inn Kiran-viser er Birgitte Grimstad, Tone Ringen, Herborg Kråkevik, Hege Tunaal og Lars Klevstrand.

I mange år sat Kiran i lyrikkutvalet i Den norske Bokklubben. I 1965 redigerte han antologien Ønskediktet, som var basert på radioprogrammet, og som på få år kom i åtte opplag. I 1971 kom antologien Laterne og moreld. Dikt om havet.

Språkpolitikk og målsak

I 1952–1964 var Kiran medlem av Norsk språknemnd, oppnemnd av NRK. Under arbeidet med den nye læreboknormalen som vart lagd fram i 1957, vart arbeidsutvalet i Språknemnda utvida, og Kiran var arbeidsutvalsmedlem i 1952–1958.

Saman med NRK-kollegaen Arthur Klæbo tok Kiran i 1950-åra initiativ for å møte den sjikanen som nynorsken i NRK vart utsett for frå riksmålsfolk og andre. Arthur Klæbo og Magne Oftedal, som arbeidde for Det Norske Samlaget, dreiv deretter fram det tiltaket som i 1955 vart til Kringkastingsringen.

Kiran arbeidde på lang sikt for språkleg samling i Noreg. I 1957 gav han ut pamfletten Aksjon mot reaksjonen. Skriftet var eit kampskrift for nynorsk, og eit forsvar for tilnærminga mellom bokmål og nynorsk, som var under kritikk frå riksmålsrørsla. Han såg målsaka som den viktigaste kulturoppgåva som måtte løysast.

I 1957 vart han vald til leiar for Noregs Mållag, men stilte ikkje til val på det neste årsmøtet. Han høyrde heime i den radikale fløya av Mållaget.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Edvard Beyer: «Nynorske blankvers. Shakespeare-omsetjingar frå Ivar Aasen til Halldis Moren Vesaas», i Edvard Beyer: Forskning og formidling. Oslo 1990
  • Hans Fredrik Dahl: Hallo-hallo! Kringkastingen i Norge 1920–1940. Oslo 1975
  • Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
  • Jan Eggum ofl. (red.): Norsk pop- og rockleksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005
  • Rigmor Falla ofl. (red.): Tone, tekst og trubadur. 60 år med Visens Venner. Oslo 2003
  • Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar 1600–1975. Oslo 1977
  • Ottar Grepstad: Balladen om Europa. Oslo 1985
  • Alf Hellevik og Einar Lundeby: Skriftspråk i utvikling. Tiårsskrift for Norsk språknemnd 1952–62. Oslo 1964
  • Christopher Janson: Norske Dikt. Bjørgvin 1867
  • Sigmund Skard og Åse Gruda Skard: Menneske vi møtte. Oslo 1985
  • Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005

Faktaboks

Hartvig Kiran
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002266978

Kommentarar (2)

skreiv Jens Øvrebust

Kvar kan ein få teksten til rallarvise av hartvig kiran

svarte Anne Grete Nilsen

Vi foreslår at du spør på et bibiotek.Vennlig hilsenAnne Grete NilsenRed.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg