Harry er eit engelsk mannsnamn som går tilbake til fransk uttale av Henri som i sin tur kjem av det tyske Heinrich.

Harry var vanleg engelsk form av Henri fram til 1600-talet. I moderne engelsk er Harry ofte oppfatta som kjæleform av det engelske Henry.

Namnet har fleire variantar: Harri, Harry.

Namnedag er 22. august. Harriet har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Harry

Kulturell bruk

  • Bøkene om Harry Potter (1997–2007) av J. K. Rowling.

Kjende personar med namnet Harry

Eit utval personar med namnet Harry, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 872 menn i Noreg som hadde Harry som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Harry hadde toppfasen sin i 1920-åra. Når dette engelske namnet i motsetning til det relaterte Henry ikkje har fått ein ny toppfase, har dette samanheng med at det nye adjektivet harry, med nedsetjande tyding, vart tatt i bruk i siste halvdel av 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Harry frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Harry frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Harry på 1800-talet.

Harry var mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Harry på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Harry var mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Hary.)

Historisk bruk av namnet Harry
Historisk bruk av namnet Harry
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg