Faktaboks

Harriet Martineau
Uttale
mˈa:tinəu
Fødd
12. juni 1802, Norwich, Norfolk, England, Storbritannia
Død
27. juni 1876, Ambleside, Westmorland, England, Storbritannia
Harriet Martineau, sosiolog
Portrett frå 1849
Fotografi, 1861

Harriet Martineau var ein britisk journalist, essayist, historikar, sosiolog og skjønnlitterær forfattar. Ho er ikkje minst kjent som motstandar av slaveri (abolisjonist) og feministisk pioner, og var ei av få kvinner som kunne leve av å skrive.

Sosiologi og filosofi

Martineau skreiv om samfunnsøkonomiske spørsmål i fortellinger som Illustrations of Political Economy (1832–1834) og Poor Laws and Paupers Illustrated (1833). Desse bøkene vann stor popularitet i samtida.

Martineau blei tilhengar av Auguste Comte sin filosofi, og han er rekna for grunnleggaren av den moderne sosiologien. Ho bearbeida og omsette hovudverket hans til engelsk i 1853. Martineau er i dag omtalt som den første kvinnelege sosiologen.

Skjønnlitteratur

Ho skreiv også romanar, mellom andre Deerbrook (1839) og The Hour and the Man (1841). Ei av forteljingane, med tittelen Feats on the Fiord (1841), har trekk frå folkeliv og folketru i Noreg.

Historie og biografi

Forfattarskapen omfattar elles History of England during the Thirty Years' Peace 1816–46 (1849). I boka Biographical Sketches (1869, utvida 1877) skreiv ho fleire portrett av forfattarar som til dømes Charlotte Brontë. Martineau skreiv også sin eigen sjølvbiografi i 1877.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Logan, Deborah (2021), The Collected Letters of Harriet Martineau, Routledge.
  • Logan, Deborah (2015), Memorials of Harriet Martineau, Cranbury: Rowman & Littlefield.
  • Walker-Gore, Clare (2020) '"Unbroken Health and a Spirit Almost Criminally Elastic", Women's Work and Women's Bodies in the Autobiographies of Margaret Oliphant and Harriet Martineau', Women's Writing, Vol.27(4), 473-483.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg