Hardingtonar

Artikkelstart

Hardingtonar er ein årleg musikkfestival som vert arrangert i Norheimsund og Øystese. Hovudføremålet med festivalen er å hylle og auke kjennskapen til komponisten og hardingen Geirr Tveitt (1908–1981).

I tillegg til oppføringar av Tveitt sin musikk, byr festivalprogrammet på lokale folketonar og klassisk musikk av utøvarar frå inn- og utland med ulik sjangerbakgrunn. Leiinga er generelt oppteken av lokal kulturskaping i Hardanger og ønskjer å leggje til rette for ei brei formidling av musikk- og scenekunst med høg nasjonal og internasjonal standard. Festivalprofilen syner ei kunstnarleg breidde som strekkjer seg frå solistkonsertar til orkesterframføringar, filmframsyningar og foredrag.

Stiftinga Hardingtonar vart skipa i 1991. Pianisten og sambygdingen Geir Botnen (f. 1959) har vore ein sentral initiativtakar i grunnlegginga av festivalen. Sidan 2006 har Botnen vore formann og kunstnarisk leiar.

Hardingtonar gjennomfører kvart år om lag 7–10 arrangement/konsertar i juni månad, med framføring på ulike arenaer omkring i bygdesentra, til dømes på Thon Hotel Sandven, Kunsthuset Kabuso og Norheimsund skule. Hovudsponsor for festivalen er Sparebanken Vest.

Omsetninga totalt i 2013 var 960 000 kroner, og publikumstalet var 2045.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg