Faktaboks

Hardangerjøkulen
Hallingjøkulen
Uttale
hardˈangerjøkulen
Hardangerjøkulen sett frå Hårteigen
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Fra den første utgåva av Aschehougs leksikon (1906–1913)

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Hardangerjøkulen er ein isbre i kommunane Ulvik og Eidfjord, Vestland fylke, og ligg lengst nord på Hardangervidda, mellom Bergensbanen i nord og Simadalen i sør. Isbreen har eit areal på 64 kvadratkilometer og er ein platåbre. Hardangerjøkulen er den sjette største breen i Noreg.

Frå breplatået til Hardangerjøkulen heng ein del bratte brear, skjæker (fleirtal av skåk), utover kantane. Mot sørvest går til dømes ein stor brearm, Rembesdalskåka, som demmer opp Nedre Demmevatnet (1239 meter over havet). Denne kunne tidlegare gi øydeleggjande flaum når demninga brast. Mot nordaust fører Blåisen som er kjend for å ha ein sterkt oppsprokken front.

Den største målte istjukna på Hardangerjøkulen er 380 meter. Breen har minka sterkt på 1900-talet. Brearmane har trekt seg fleire hundre meter tilbake, og høgda på toppen av breen, som i 1925 var 1876 meter over havet, er no eit fast punkt (breskjer) på 1861 meter over havet. Dette ligg i Ulvik kommune.

Kart

Hardangerjøkulen
/Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg