Hardanger Bygdeblad var ei avis som kom ut i Norheimsund frå 1931 til 1967.

Bladet blei skipa for å balansere den etablerte avisa i regionen, Hordaland Folkeblad. Begge hadde ståstad i Norheimsund, i Kvam kommune. Sistnemnde sin 30 år lange aleinegang i Ytre Hardanger blei no, sist på året i 1931, utfordra av krefter med tett hopehav til lekmannsrørsla. Hardanger Bygdeblad steig fram parallelt med det nye partiet i norsk politikk, Kristeleg Folkeparti. Avisa og partiet var runne av same kulturen, og i den same regionen, Hardanger og Midthordlands-bygdene. Det var med denne regionen som basis bibelskulestyrar Nils Lavik blei vald inn på Stortinget i 1933, som første KrF-representant. Men det nye bygdebladet blei ikkje eit partiorgan, tiltaket la snarare vekt på å understreke fråveret av partilojalitet.

Det var likevel ingen tvil om kva plattform Hardanger Bygdeblad rigga for dei vel tretti åra bladet skulle eksistere. Skaar-lina i den etablerte Venstre-avisa, Hordaland Folkeblad frå 1901, men med røter på 1870-talet, var sekulær og lite mottakeleg for impulsar frå kristelege miljø. Hardanger Bygdeblad blei skipa i opposisjon til denne profilen. Det nye bladet erklærte høg beredskap på preikeliste, avhaldslag, indre- og ytremisjon og mållag. Utgjevaren erklærte ei avis som skulle stø byggjande krefter og «strida mot dei makter som vil riva ned og øyda det gode i folk og land».

Bladet delte lagnad med mange i 1942 og gjekk mellombels inn. Like før midtsommars i 1945 var Hardanger Bygdeblad i gang att, med indremisjonsmannen Arne Wilhelmsen som bladstyrar, fyrst mellombels, men frå 1950 avisas levetid heilt ut. Avisa heldt fast ved det skarpt teikna terrenget, omhyggjeleg definert frå starten. Tidas ungdomslag, dei frilynde, var såleis massivt fråverande i Bygdebladet sine spalter. Arne Wilhelmsen må ha bore bladet atskillege år på overtid. Men i 1967 var tida ute, og Hardanger Bygdeblad gjekk inn. Bladet kom aldri med i dei notarialt førte opplagslistene, men har truleg runda eit opplag på 1400 ved inngangen til 1950-talet.

Fakta

  • Fyrste nr. 5.12.1931, førebels siste nr. 18.4.1942.
  • Fyrste nr. etter krigen 6.6.1945, siste nr. 14.1.1967.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg