Harald Baldersheim
Harald Baldersheim.
Harald Baldersheim
Universitetet i Oslo.

Harald Baldersheim er ein professor emeritus i statsvitskap. Han har sett søkjelyset på lokaldemokrati og åtvara mot minkande deltaking i politikken.

Harald Baldersheim er fødd i Etne i Sunnhordland 18. januar 1944. Han tok hovudfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1971 og doktorgrad ved London School of Economics i 1977. Frå 1977 til 1995 var han professor i offentleg administrasjon ved Universitetet i Bergen og frå 1995 til 2014 professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han har vore forskingssjef ved Norsk senter for forsking i leiing, organisasjon og styring, instituttsjef ved Norsk institutt for by- og regionforsking og leiar for Demokratiprogrammet ved Universitetet i Oslo i 2010–2014. Frå 2000 til 2013 var han rådgivar for Europarådet i spørsmål om demokratibygging i Afrika og Aust-Europa.

Baldersheim har over fleire tiår forska på politikk og forvaltning i kommunane. Han konstaterer at medlemstalet i dei politiske partia og frammøtet ved lokalvala har gått sterkt tilbake, at banda mellom veljarane og dei folkevalde er svekt, og at handlingsrommet for sjølvstyre har skrumpa. Utviklinga ser ikkje ut til å uroe innbyggjarane. I rapporten «Den krevende borger» (2011) spør Baldersheim, Pettersen og Rose kva slags kommune folk vil ha. Svaret er at gode tenestetilbod er viktigare enn lokal handlefridom og deltaking i politikken. Den tilfredse forbrukaren fortrengjer idealet om den aktive medborgaren.

I artikkelen «Lokaldemokrati i hopehavsfella – og vegen ut» (2017) slår han fast at geografisk avstand til dei folkevalde spelar inn på den politiske deltakinga, og at små kommunar kjem betre ut enn store. Organisasjonsforsking dokumenterer at di større organisasjon, di meir byråkrati, og Baldersheim åtvarar mot at nærdemokratiet kan verte skadelidande når kommunar vert slegne saman. Han minner om at medborgaridealet er ein kjerneverdi ved demokratiet. Kommunen har behov for aktive borgarar som kan stille politikarane til ansvar. Utan dette korrektivet kan legitimiteten til kommunane minke.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg