Artikkelstart
Hans Svarstad var folkehøgskulelærar, stortingsrepresentant og forfattar av to romanar med handling lagd til tidleg på 1900-talet, der han åtvarar mot utviklinga i det moderne norske samfunnet.
Hans Svarstad var folkehøgskulelærar, stortingsrepresentant og forfattar av to romanar med handling lagd til tidleg på 1900-talet, der han åtvarar mot utviklinga i det moderne norske samfunnet.
Hans Svarstad var fødd på Svarstad i Indre Nordfjord (no Stryn) i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Norheimsund. Han tok eksamen ved Volda lærarskule i 1907 og fekk med ein gong stilling ved Framnes Folkehøgskule i Norheimsund (Hordaland). Her var han lærar til 1948.
Svarstad var medlem av Kvam kommunestyre i 1922–1931. I tre periodar var han stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti (1937–1953). Han var varapresident i Lagtinget frå 1945 til 1953.
Romanane Ættararv (1929) og Frå Bøgrendi (1930) er ein dobbeltroman med handlinga lagd til ein fjordarm på Vestlandet. Bøkene fortel ei historie om åndskamp og verdikonfliktar i eit bygdelag i første del av 1900-talet. Hovudpersonen er kristen og fråhaldsmann, og motsetnadene i bygda er knytte til målsak, fråhald, dansefestar og kristen tru. Gjennom romanane åtvarar Svarstad mot ei utvikling som fører til forfall og svik mot gamle tradisjonar.
Pedagogisk finn vi uttrykk for Svarstads engasjement i leseverket han gav ut saman med Hans Høeg: Lesebok for norsk ungdom (1925). I lærararbeidet sameinte Svarstad den danske presten og folkehøgskulelæraren Grundtvig (1783–1872) si vekt på samtale og forteljingar med arbeidsmåtar bygde på eigenaktivitet («learning by doing»), eit prinsipp som seinare i hundreåret vart kjent som arbeidsskule-metoden.
Svarstad var aktiv i fråhaldsrørsla og fekk Klostermedaljen for innsatsen her. På 80-årsdagen fekk han Kongens fortenestemedalje i gull.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.