Hans Strøm var prest, topograf, naturforskar, titulær professor og forfattar. Etter Ludvig Holberg var truleg Strøm den fremste norske intellektuelle på 1700-talet, men medan Holberg budde mesteparten av sitt vaksne liv i Danmark, busette Strøm seg i Noreg.
Hans Strøm var fødd i Borgund på Sunnmøre. Far hans var prost, og Strøm tok sjølv teologisk embetseksamen ved Universitetet i København i 1745. Etter studia ved universitetet heldt han fram med sjølvstudium medan han budde heime hos mora. I 1750 vart han personleg kappelan i Borgund, før han i 1764 vart sokneprest i Volda. I 1779 vart han sokneprest i Eiker, der han budde fram til han døydde. I 1779 vart han titulær professor, og i 1790 tok han doktorgrad på ei avhandling om urkristendomen.
På mange måtar er Hans Strøm den typiske opplysningspresten, og han hadde ei særleg sterk interesse for naturvitskap og topografiske studium. Strøm hadde ein omfattande litterær produksjon innanfor ulike emne og sjangrar, engasjerte seg i den dansk-norske offentlegheita og var medlem av fleire vitskaplege og allmenne selskap. Strøm hadde òg ein rettleiarfunksjon for andre med liknande interesser, særleg bør nemnast Marcus Schnabel og Hans Jacob Wille.
Strøm gav i 1762–1766 ut Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmøer. Verket blir rekna som 1700-talets fremste bygdeframstilling, og er verdfullt både som topografisk, etnologisk og naturvitskapleg (i første rekkje zoologisk) arbeid. Andre viktige verk er blant anna Tilskueren paa Landet. I-II Deel. København (1775), Physisk-oeconomisk Beskrivelse over Eger-Præstegiæld i Aggershuus Stift i Norge (1784), Prædikener over alle Søn- og Festdages Evangelier til Andagtsøvelse for Almuen (1792).
Han arbeidde også for folkeopplysning. Spesielt viktig var artikkelsamlinga Tilskueren paa Landet (to band, 1775).
Eit av bygga ved Høgskulen i Volda er oppkalla etter Hans Strøm, og det står ein minnestein over Strøm ved Haug kyrkje i Øvre Eiker.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.