Hans Strøm

Faktaboks

Hans Strøm
Født
25. januar 1726, Borgund i Ålesund, Møre og Romsdal
Død
1. februar 1797, Hokksund i Øvre Eiker, Viken

Stikk av Seehusen (1791), etter eit måleri av Peder Pedersen Aadnes. Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Hans Strøm
Av /※.

Artikkelstart

Hans Strøm var prest, topograf, naturforskar, titulær professor og forfattar. Etter Ludvig Holberg var truleg Strøm den fremste norske intellektuelle på 1700-talet, men medan Holberg budde mesteparten av sitt vaksne liv i Danmark, busette Strøm seg i Noreg.

Hans Strøm var fødd i BorgundSunnmøre. Far hans var prost, og Strøm tok sjølv teologisk embetseksamen ved Universitetet i København i 1745. Etter studia ved universitetet heldt han fram med sjølvstudiar medan han budde heime hos mora. I 1750 vart han personleg kappelan i Borgund, før han i 1764 vart sokneprest i Volda. I 1779 vart han sokneprest i Eiker, der han budde fram til han døydde. I 1779 vart han titulær professor, og i 1790 tok han doktorgrad på ei avhandling om urkristendomen.

På mange måtar er Hans Strøm den typiske opplysningspresten, og han hadde ei særleg sterk interesse for naturvitskap og topografiske studiar. Strøm hadde ein omfattande litterær produksjon innanfor ulike emne og sjangrar, engasjerte seg i den dansk-norske offentligheita og var medlem av fleire vitskapelege og allmenne selskap. Strøm hadde òg ein rettleiarfunksjon for andre med liknande interesser, særleg bør nemnast Marcus Schnabel og Hans Jacob Wille.

Strøm gav i 1762–1766 ut Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmøer. Verket blir rekna som 1700-talets fremste bygdeframstilling, og er verdfullt både som topografisk, etnologisk og naturvitskapeleg (i første rekkje zoologisk) arbeid. Andre viktige verk er blant anna Tilskueren paa Landet. I-II Deel. København (1775), Physisk-oeconomisk Beskrivelse over Eger-Præstegiæld i Aggershuus Stift i Norge (1784), Prædikener over alle Søn- og Festdages Evangelier til Andagtsøvelse for Almuen (1792).

Han arbeida også for folkeopplysning. Spesielt viktig var artikkelsamlinga Tilskueren paa Landet (to band, 1775).

Eit av bygga ved Høgskulen i Volda er oppkalla etter Hans Strøm, og det står ein minnestein over Strøm ved Haug kyrkje i Øvre Eiker.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arne Apelseth: Hans Strøm (1726–1797). Ein kommentert bibliografi. Høgskulen i Volda 1995. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Arne Apelseth og Atle Døssland (red.): «Hans Strøm (1726–1797). Eit utsnitt frå norsk opplysningstid», Arbeidsrapport nr. 81. Høgskulen i Volda 1999. Les hos Nasjonalbiblioteket

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg