Hans Modrow var ein tysk politikar. Han er i hovudsak kjend som leiande politikar for partiet SED i Aust-Tyskland (DDR). Få dagar etter at Berlinmuren fall den 9. november 1989, vart han regjeringssjef i DDR. Ved valet 18. mars 1990 blei CDU største parti, og Lothar de Maizière blei ny regjeringssjef i DDR dei siste månadene fram til den tyske attforeininga 3. oktober 1990.
Seinare var Modrow både forbundsdagsrepresentant og medlem av Europaparlamentet. Han spela òg ei sentral rolle i partiet Die Linke.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.