Hans Mo

Faktaboks

Hans Mo

Hans Mathias Mo

Født
2. mai 1835, Ørsta, Møre og Romsdal
Død
11. juli 1920, Bergen, Vestland

Artikkelstart

Hans Mo var lærar, forfattar og komponist. Han skreiv tidleg lærebøker på landsmål og gav ut songbøker og tonesamlingar.

Bakgrunn

Hans Mathias Mo var fødd i Ørsta i Møre og Romsdal og døydde i Bergen i Hordaland (no Vestland). Etter konfirmasjonen arbeidde han eitt år som dreng i Ørsta, så fem år som krambudreng i Ålesund og tre år som lærar i Follestaddalen i Ørsta. I 1860 tok han lærareksamen ved Stord seminar.

Han var lærar i Bergen i 54 år, først hjelpelærar ved Christi Krybbe skole (1862–1866), så fast tilsett ved Stølen skole (1866–1880) og ved Krohnengen skole (1880–1916). Han underviste mellom anna i norsk og song.

Målsak

I Bergen kom han med i den framveksande flokken av målfolk. Han skreiv i Henrik Krohns tidsskrift Ferdamannen (1865–1868) og var med og skipa Vestmannalaget i 1868, der han sat i styret for laget i tidlege år og var formann i 1876–1878.

Forfattarskapen

Mo skreiv mykje, det meste på landsmål. Bøker og skrifter utgjer over 1200 sider: dikt, skulebøker, tonesamlingar, forteljingar og skodespel. Dei første dikta var på dansk, men kring 1863 tok han i bruk landsmålet. I 1874 kom Diktsamling, med 42 dikt.

Han gav tidleg ut lærebøker på landsmål: Bibelsaga (saman med Olav Paulson, 1882), Geografi paa Landsmaalet (1884) og Religionslærebok, etter Pontoppidans Forklaring, med Spursmaal og Svar paa Landsmaalet (1885). Deretter kom det skodespel, først Amerikafolket vaart (1896), deretter følgde sju andre spelstykke fram til 1915.

Komposisjon

Han redigerte songbøker, tonesamlingar og syngjeplanar for skular og kor. Den første kom i 1874, den siste i 1909. Han tonesette sjølv songar, var kordirigent og etterlét seg nærmare hundre komposisjonar. Han var òg ein mykje nytta talar.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjarte Birkeland og Bjørn Nic. Kvalsvik: Folkemål og danning. Nynorske lærebøker 1867–1915. Oslo 1986
  • Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar. Oslo 1977
  • Eirik Hirth: «Hans Mathias Mo», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 1940
  • Jostein Krokvik: Henrik Krohn. Vestmannalagsreisaren og målreisaren. Bergen 2002
  • Terje Aarset og Reidar Djupedal: Ei bok om Hans Mo. Ørsta 1986

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg