Hans Kårhus

Faktaboks

Hans Kårhus
Født
6. oktober 1944, Nedre Vats, Vindafjord
Død
8. oktober 2003, Oslo

Artikkelstart

Hans Kårhus var ein norsk filolog og tv-tekstar som blei kjend for tekstingnynorsk av tv-seriar som «Derrick» og «Forviklingar» på NRK.

Bakgrunn

Hans Kårhus tok examen artium på Bryne i 1963, lærarprøva ved Stavanger lærarskule i 1967 og blei cand.philol. ved Universitetet i Oslo i 1975, med tysk hovudfag og engelsk mellomfag. I avhandlinga analyserte han feil som norske studentar gjorde når dei skreiv tysk.

Teksting

Kårhus arbeidde som frilans tv-tekstar i NRK i perioden 1973 til 2003 og utførte fleire tusen oppdrag med høg profesjonalitet og stor arbeidskapasitet – mest seriar, men òg litt sport og utanriksstoff. Mest teksta han frå tysk og engelsk, det meste på nynorsk. Han fekk heile det norske folket som publikum med si teksting av «Derrick», som gjekk på norsk fjernsyn i heile 22 år (1977–1998), med reprise av alle 281 episodane frå 2009.

Meir populær blei kanskje serien «Forviklingar» (Soap), ein parodiamerikanske såpeoperaer. Kårhus kledde all skjemten og ordspela i originalen i ei elegant språkform, slik at nokon knapt reagerte på at ein komiserie for første gong blei teksta på nynorsk. Kanskje var det her nynorsk fekk sitt definitive gjennombrot i fjernsynssend underhaldning.

Idrett

Som junior gjorde Kårhus det godt i friidrett. Han blei norsk meister, sette fleire norske rekordar og var med i nordiske landskampar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg