Faktaboks

Hans C. Roti

Hans Christoferson Roti

Fødd
14. desember 1879, Nordfjordeid
Død
28. mai 1961, Jar i Bærum

Hans C. Roti var ein lærar med sterkt engasjement for ein elevretta pedagogikk. Han var òg ein sentral person i vestnorsk målreising tidleg på 1900-talet.

Bakgrunn

Hans Christoferson Roti var fødd på Nordfjordeid. Han tok eksamen ved lærarskulen på Stord i 1901 og hadde første lærarposten sin ved Nordfjordeid framhaldskule i 1901–1902. Etter dette arbeidde han som lærar i Hadsel, Bergen, Kongsberg og Larvik, fram til han gjekk av med pensjon i 1946.

Målsak og ungdomslag

Roti var sterkt engasjert i målsak og ungdomslagsarbeid. Medan han arbeidde i Bergen var han leiar i Bondeungdomslaget Ervingen i 1908–1909 og styrar av Det vestlandske målkontor frå 1911 til 1921. I åra 1919–1921 var han styremedlem i Noregs Mållag.

H.C. Roti, som han skreiv seg som forfattar, gav ut Bondeungdomslaget Ervingen. 20. mars 1900 – 20. mars 1910 (1910) og to skrifter på oppdrag for Det vestlandske målkontor: Norsk i folkeskulen (1919) og Norsk skule og upplæring (1921). Han skreiv om «Norskt maal i styringsverket» i boka Norsk som kulturmaal, som Det vestlandske målkontor gav ut i 1921.

Pedagogikk

Etter 40 år i skulen gav Roti ut boka Læraren og skulen i 1940, med undertittelen «Verdsetting av gamalt og nytt». Boka var eit innlegg i den pedagogiske debatten som følgde skulereformene i andre halvdel av 1930-åra, der aktivitetspedagogikk og arbeidsskule-prinsippet var sentrale stikkord.

Roti var ein tydeleg talsmann for det nye og såg på pedagogisk nytenking og reformer som heilt nødvendig for å få ein skule i pakt med tida. Roti bygde den pedagogiske tenkinga si på respekt for det enkelte barnet sin eigenverdi. Eit hovudmål med all oppseding skulle i Roti sine auger vere å gi elevane tru på seg sjølve, gi dei sjølvstyrke og evne til å realisere evnene sine. Derfor må undervisninga individualiserast og vere tilrettelagd for kvar elev.

Boka Konrad og andre born (1945) er ei samling forteljingar, bygde på Roti sine eigne erfaringar frå møte med elevar og heimane deira. Forteljingane er tett knytte til Læraren og skulen, som døme på utfordringar ein lærar kan møte i skulestova eller klasserommet.

Utmerkingar

Roti fekk Kongens fortenestemedalje i 1949.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Karl Bakke (red.): Norske skolefolk II, Stavanger 1952.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg