Faktaboks

Hans-Peter Friedrich
Fødd
10. mars 1957, Naila, Oberfranken
.
Lisens: fri

Hans-Peter Friedrich er ein tysk kristenkonservativ politikar.

Bakgrunn

Friedrich voks opp i delstaten Bayern. Han er evangelisk kristen og studerte juss i München og Augsburg. I 1988 tok han ein juridisk doktorgrad i forretningsjuss ved universitetet i Augsburg.

Politisk karriere

Friedrich melde seg inn i CSU i 1974. I 1998 vart han vald som forbundsdagsrepresentant. I mars 2011 vart han utnemnd til Tysklands innanriksminister. Departementet har ansvar for justispolitikk, tryggingspolitikk, migrasjons- og integrasjonspolitikk, sport og i tillegg eit spesialansvar for dei tidlegare tyske delstatane. I september 2013 vart han utnemnd til landbruksminister. Denne posisjonen hadde han fram til 17. februar 2014, då han måtte gå som følgje av Edathy-affæren. I 2017 vart han vald til visepresident i Forbundsdagen.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg