Faktaboks

Hanne Haugland
Hanne Birgit Haugland
Fødd
14. desember 1967, Haugesund, Rogaland
Verke
Friidrettsutøvar
Familie

Foreldre: Ingeniør Terje Haugland (1944–) og Berit Jorun Vikse (1943–).

Gift med Håkon Särnblom (3.3.1966-), sønn av Ernst Särnblom og Turid Husa. Ekteskapet oppløst 2015.

Hanne Haugland feirer at hun har gått over 1,99 meter under friidretts-VM i Athen 11. august 1997. Haugland vant etter omhopping i finalen mot ukrainske Inga Babakova og Olga Kaliturina fra Russland.
/NTB.

Hanne Haugland er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Haugesund, meist kjent som Noregs eineste verdssmeister i høydehopp. Ho vann VM-gull i Athen i 1997 med eit hopp på 1,99 meter.

Haugland har holdt den norske kvinnerekorden i høydehopp sidan 1987. Den gjeldande rekorden hennar er på 2,01 meter og blei satt i 1997, som også var nordisk rekord. Ho hadde tidlegare óg den norske kvinnerekorden i tresteg med eit hopp på 13,56 meter.

Ho konkurrerte for IF Minerva, SK Vidar, IL i BUL og Haugesund IL.

Andre merittar

  • Sølv i innandørs-EM i Haag i 1989 bak Galina Astafei. Haugland hoppa 1,96 meter.
  • Femteplass under EM i Helsingfors i 1994 med eit hopp på 1,93 meter.
  • Sjetteplass under VM i Göteborg i 1995 med eit hopp på 1,96 meter.
  • Åttendeplass under OL i Atlanta i 1996 med eit hopp på 1,96 meter.
  • Bronse i innandørs-VM i Paris i 1997 med et hopp på 2,00 meter.
  • 16 gull i senior-NM: Tolv i høydehopp, tre i lengdehopp og eit i tresteg i åra 1986–2000.
  • Kongepokal i 1990, 1994, 1996, 1997 og 1999.

Personlege rekordar

Øvelse Rekord Dato Sted
Høyde 2,01 13. august 1997 Zürich
Lengde 6,30 23. mai 1996 Oslo
Høyde (innendørs) 2,00 17. februar 1995 Spala, Polen
Tresteg 13,56 19. august 1994 Jessheim

Idrettsfamilie

Hanne Haugland starta tidleg med friidrett, og ho fann inspirasjon av dei tidlegare gode resultata i familien. Faren Terje Haugland var i slutten av 1960-åra norsk meister både i høgde og lengde. Bestefaren Eugen Haugland hadde fleire noregsmeisterskap og 4. plass i EM i tresteg frå 1946. I ungdomsåra var Hanne svært aktiv i friidrettsgruppa i Haugesund IL. På klubb- og kretsnivå deltok ho i lengde og høgde samt sprintøvingane 60 meter og 100 meter.

Det viste seg ganske snart at Haugland var eit talent av stort format. Allereie som 16-åring kom ho med på det norske friidrettslandslaget i høgde. Som 18-åring flytta Hanne Haugland til Oslo, der ho vart med i Idrettslaget til BUL og fekk Bruce Longden som trenar. Før ho kom til Oslo, hadde faren vore trenaren hennar. I 1989 vann ho sølvmedaljen i innandørs-EM med ny norsk rekord, 1,96 m. Dette året vann ho òg kongepokalen i NM.

I 1993 valde sambuarane (seinare ektefellane) Håkon Särnblom og Hanne Haugland å bli personlege trenarar for kvarandre og dermed trekkja seg litt ut av treningsopplegget til friidrettslandslaget. Dette vart ikkje heilt godt motteke hjå dei ansvarlege for landslaget, men paret hadde gode framgangar med eige opplegg og murringa la seg fort.

VM-gull

Hanne Haugland

Hanne Haugland har personlig rekord på 2,01 meter.

NTB Scanpix ※.

For Hanne Haugland var 1997 det store året. Det starta i mars med bronsemedalje i innandørs-EM, der ho hoppa 2,00 m, held fram med noregsrekord utandørs på 2,01 m og enda med gullmedalje i VM, der Hanne Haugland hoppa 1,99 m. Haugland har òg delteke i olympiske leikar både 1996 og 2000, utan å nå heilt opp. Ein skade i 1998 sette henne langt tilbake. Seinare kom ho seg aldri opp att på 1997-nivå og valde etter sesongen 2000 å gje opp friidrett på toppnivå.

Saman med utøvarar som Särnblom, Steinar Hoen, Geir Moen, Vebjørn Rodal, Mette Bergmann og Trine Hattestad var Haugland med på å løfta norsk friidrett og sørga for at det norske friidrettslandslaget gjennom 1990-åra var å rekna med i store internasjonale meisterskap.

Andre disiplinar

I perioden 1983–2000 var Haugland fast på det norske seniorlandslaget og må seiast å vera ein av dei som har lengst fartstid i friidretten på relativt høgt nivå.

Ho har òg gjort det skarpt i lengde og tresteg. Ho har tolv norske meisterskap i høgde, tre i lengde og eitt noregsmeisterskap i tresteg.

Utmerkelser

Anna

I tillegg har ho ikkje vore redd for å seia ifrå om kva ho meiner, har gitt henne ein viktig posisjon i utøvargruppa. Dette kjem fram ved at ho i fire år har satt som utøvarrepresentant i Norges Friidrettsforbund, samt at ho for perioden 2000–2004 var innvald som ein av tre kvinnelege utøvarar i utøvarkommisjonen i Det europeiske idrettsforbundet.

Haugland var finalist i sesong 10 (2019) av NRK-programmet Mesternes mester. Hun har sittet i juryen til Idrettsgallaen flere ganger.

Etter VM-gullet ble gaten Hanne Hauglands veg avduket i hjembyen, i området der Haugesund friidrettsstadion og andre idrettsanlegg ligger.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Frode Fretland: Norsk biografisk leksikon 2
  • R. Bryhn og K. A. Tvedt (hovedred.): Kunnskapsforlagets idrettsleksikon, 1990

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg