Hanna Relling Berg

Faktaboks

Hanna Relling Berg
Født
1. oktober 1958, Ålesund

Artikkelstart

Hanna Lovise Relling Berg, journalist og redaktør. Ho har sett sitt preg på Sunnmørsposten gjennom fleire tiår, og i 2007 blei ho den første kvinnelege sjefsredaktøren i avisa. Sidan 2019 har ho vore styreleiar i Norsk Redaktørforeining.

Bakgrunn

Hanna Relling Berg tok examen artium på samfunnsfaglinja ved Stranda vidaregåande skule i 1977, og i 1979 tok ho grunnfag i norsk språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.

Journalist

Relling Berg byrja som journalist i Karmøybladet i 1979 og arbeidde der fram til 1981. Mellom 1981 og 1982 hadde ho eit lærarvikariat ved Hadsel Folkehøgskole på Stokmarknes og arbeidde frilans ein periode etter det. I 1985 byrja ho i Sunnmørsposten, først på lokalkontoret i Ørsta/Volda og frå 1989 på hovudkontoret i Ålesund. Her var ho mellom anna nyhendejournalist (1989–95), reportasjesjef (1997–2002) og kultur- og featureredaktør (2002–07), før ho blei ansvarleg redaktør i 2007.

Redaktør

Då Relling Berg blei ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten blei ho den første kvinnelege redaktøren i den 125 år gamle avisa. Som redaktør har ho vist seg som kunnig og uredd, og ho har vore med på å gjere Sunnmørsposten til ei avis som har nasjonalt og internasjonalt utsyn, men òg godt fotfeste i sunnmørsregionen.

Styrearbeid

Relling Berg var styremedlem i Norsk Telegrambyrå (NTB) i perioden 2008–15. Frå 2014 var ho styremedlem i Norsk Redaktørforening, og sidan mai 2019 har ho vore styreleiar i foreininga. I Ho er òg styremedlem i Norsk Presseforbund, frå 2015.

Familie

Ho er dotter av interiørarkitekten og møbeldesigneren Ingmar Relling.

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg