Faktaboks

Hanna Relling Berg
Fødd
1. oktober 1958, Ålesund

Hanna Lovise Relling Berg er ein norsk journalist og redaktør. Ho har sett sitt preg på Sunnmørsposten gjennom fleire tiår, og i 2007 blei ho den første kvinnelege sjefsredaktøren i avisa. Frå 2019 til 2021 var ho styreleiar i Norsk Redaktørforening.

Bakgrunn

Hanna Relling Berg tok examen artium på samfunnsfaglinja ved Stranda vidaregåande skule i 1977, og i 1979 tok ho grunnfag i norsk språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.

Journalist

Relling Berg byrja som journalist i Karmøybladet i 1979 og arbeidde der fram til 1981. Mellom 1981 og 1982 hadde ho eit lærarvikariat ved Hadsel Folkehøgskole på Stokmarknes og arbeidde frilans ein periode etter det. I 1985 byrja ho i Sunnmørsposten, først på lokalkontoret i Ørsta/Volda og frå 1989 på hovudkontoret i Ålesund. Her var ho mellom anna nyhendejournalist (1989–1995), reportasjesjef (1997–2002) og kultur- og featureredaktør (2002–2007), før ho blei ansvarleg redaktør i 2007.

Redaktør

Som ny ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten blei Relling Berg og den første kvinnelege redaktøren i den 125 år gamle avisa. Som redaktør har ho vist seg som kunnig og uredd, og ho har vore med på å gjere Sunnmørsposten til ei avis som har nasjonalt og internasjonalt utsyn, men òg godt fotfeste i sunnmørsregionen.

Styrearbeid

Relling Berg var styremedlem i Norsk Telegrambyrå (NTB) i perioden 2008–2015. I 2014 vart ho styremedlem i Norsk Redaktørforening, og frå 2019 til 2021 styreleiar. Ho var styremedlem i Norsk Presseforbund frå 2015 til 2019.

Familie

Ho er dotter av interiørarkitekten og møbeldesigneren Ingmar Relling.

Litteratur

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg