Artikkelstart
Halvor Floden var ein norsk forfattar og lærer, og var ein av dei ypparste barneskildrarane i norsk litteratur. Han skreiv ei rekkje bøker for barn og ungdom, nokre av desse er omsette til fleire språk.
Floden gav også ut eit par diktsamlingar og romanane Einstaka (1912), Vi har bruk for deg (1937) og Kjartan i Steinåsen (1949). Skodespela Staalboraren (1920), Gjenta frå landsvegen og Gamlehagen har vore oppført på Det Norske Teatret. Han skreiv også høyrespel.
Han fekk kunstnarlønn frå 1950. I perioden 1930–1956 var han formann i Norsk Bokmannslag.
Flodens barndomsminne i boka Ein fjellgard (1968) gjev eit nært og detaljert bilete av liv og naturalhushalding på Kvannbekksetra i Østre Trysil i siste del av 1800-talet.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.