Koht vart utanriksminister i 1935. Han kom til Utanriksdepartementet med bakgrunn frå internasjonalt fredsarbeid, og med ei målsetjing om å halde Noreg utanfor krig og konflikt. Han var ein sterk tilhengjar av nøytralitetspolitikken, som landet hadde ført med hell under første verdskrigen, og han var skeptisk til at Noreg skulle møte den auka spenninga i Europa med opprusting. Han prøvde å unngå å provosere stormaktene. Såleis gjekk han ut av Nobelkomiteen, som han hadde vore medlem av sidan 1919, då fredsprisen i 1936 vart gitt til den tyske Adolf Hitler-motstandaren Carl von Ossietzky.
Koht vart utanriksminister på eit tidspunkt då forholdet mellom stormaktene for alvor byrja å spisse seg til. Han ville halde fram med å føre utanrikspolitikken innanfor ramma av Folkeforbundet. Men nederlaget for Folkeforbundet i Etiopia-krigen (1935–1936) førte til ei omvurdering. Koht meinte no at Noreg måtte seie seg laus frå sanksjonsreglane i Folkeforbunds-pakta, men utan å gå ut av sjølve Forbundet. Etter dette vart Kohts utanrikspolitikk først og fremst ein streng nøytralitetspolitikk, sjølv om han ikkje ville gå så langt som til å halde Noreg utanfor alle moglege Folkeforbunds-aksjonar.
Koht prøvde å bidra positivt til freden gjennom ulike framstøytar som likevel fekk lite å seie under den aukande stormaktsspenninga. Han var redd for å understreke for sterkt den stigande uvissa i internasjonale forhold fordi det kunne gi grunnlag for ein forsterka forsvarsagitasjon. Her var han på linje med eit fleirtal i det tradisjonelt antimilitaristiske Arbeidarpartiet, men ikkje med alle av den yngre garden i partiet. Koht tenkte først og fremst på eit forsvar som skulle hindre nøytralitetskrenkingar, ikkje føre full krig mot ein erobrar. Etter at andre verdskrigen var brote ut, prøvde Koht å hevde norsk nøytralitet til begge sider. Sidan den offisielle pågangen frå vestmaktene var sterkast, kom han til å bli mest oppteken av trusselen deira mot nøytraliteten, og han undervurderte faren frå Tyskland.
Koht heldt fast ved nøytralitetslinja heilt fram til det tyske overfallet. Balansegangen var vanskeleg, og til sjuande og sist var det eitt omsyn som talde mest for Koht og regjeringa: Noreg måtte i alle tilfelle ikkje kome i krig med Storbritannia.
Det tyske angrepet i 1940 sette sluttstrek for nøytraliteten. Natt til 9. april 1940 var det Koht som på vegner av regjeringa sa nei til det tyske kravet om å overgi seg, og under krigshandlingane i Noreg gjorde han mykje for å halde motstandsviljen oppe.
Då regjeringa etablerte seg i eksil i London (Londonregjeringa), kom Kohts stilling under press. Han vart oppfatta som altfor nølande til eit meir forpliktande samarbeid med Storbritannia. Det vart også brukt mot Koht – ikkje utan grunn – at han var sta og eigenrådig av natur.
Koht gjekk snart av, reelt den 22. november 1940, formelt den 21. februar 1941. Årsaka var ikkje minst at han vart identifisert med nøytralitetspolitikken i førkrigstida og vart vurdert som for tilbakehaldande i forholdet sitt til Storbritannia. Han var skeptisk til at Noreg, som låg i skjeringspunktet mellom aust og vest, knytte seg for einsidig til dei vestallierte og på den måten kunne risikere å øydeleggje forholdet til Sovjetunionen. Koht tok deretter, så lenge krigen vara, opphald i USA, der han var oppteken med litterært arbeid.
Kommentarar (4)
skreiv Axel Scheel
skreiv Åsmund Svendsen
Hei!
Det synes merkelig at den siste utgitte biografien om Halvdan Koht ikke er nevnt i litteraturlisten. Jeg vil foreslå at dere setter opp følgende tittel:
Svendsen, Åsmund: Halvdan Koht. Veien mot framtiden. En biografi, 2013. isbn 978-82-02-41394-1
skreiv Bjørn Otter Skåret
Følgende avsnitt om Midtskogen er udokumentert og bør strykes: "Trass i dette ga han telefonisk ordre til generalstabssjef Rasmus Hatledal om å avblåse den forestående kampen på Midtskogen, der det var satt opp veisperringer og en provisorisk kampstyrke for å hindre tysk fremrykning og anholdelse av Kongen og regjeringen i Elverum. Begrunnelsen var at han ventet å møte en tysker neste dag for å ta opp videre forhandlinger. Dette skapte bekymring hos generalstabssjefen, men ordren ble ikke effektuert, og fremrykningen ble effektivt stoppet, slik at Kongen og regjeringen klarte å flykte."
Det fins mange versjoner, mer eller mindre udokumenterte, men akkurat denne har jeg aldri sett tidligere.
Hatledal snakket aldri med Koht på Elverum. Hele historien har sin bakgrunn i politimester Haavies samtale med Koht og hans påstand om at Koht hadde "gitt ordre" om å avblåse kampen. Som NS-medlem hadde Haavie sin egen agenda - kanskje etter direkte påtrykk fra Quisling.
Skal denne historien tas med, foreslår jeg Lars Borgersruds versjon
svarte Ida Scott
Hei! Tusen takk for innspill, jeg skal sørge for at en fagperson får sett på dette. Vennlig hilsen Ida Scott, redaksjonen.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.