Faktaboks

Hallvard Ophus Devold
Fødd
1898, Tysfjord, Trøndelag
Død
1957

Hallvard Ophus Devold var fangstmann, meteorolog og cand.oecon. Han var bror av Finn Devold. På ein av ekspedisjonane sine heisa han det norske flagget i MyggbuktaGrønland og la Eirik Raudes land under norsk herredøme i namnet til den norske kongen. Dette skjedde 27. juni 1931.

I perioden 1925–1926 var Devold styrar for meteorologi- og radiostasjonen på Jan Mayen, og han annekterte då øya på vegne av Noreg og Det norske meteorologiske instituttet. I 1932 var han med på ein mislukka ekspedisjon til Antarktis med Hjalmar Riiser-Larsen. Under den andre verdskrigen var han med i den franske framandlegionen.

Devold skreiv boka Polarliv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg