Artikkelstart
Hallvard Lie var ein norsk sagaforskar, litterær stilgranskar og forfattar av den store norske verselæra.
Hallvard Lie var ein norsk sagaforskar, litterær stilgranskar og forfattar av den store norske verselæra.
Hallvard Lie var fødd i Nord-Fron i Oppland (no Innlandet) og døydde i Oslo. Han tok examen artium på latinlinja ved Eidsvoll gymnas i 1926, magistergraden ved Universitetet i Oslo i 1936 på ei avhandling om Snorre Sturlasons Heimskringla og doktorgraden same staden i 1948 med ei avhandling om Egil Skallagrimsson.
Han var bibliotekar ved Universitetsbiblioteket i Oslo i 1937–1948, dosent i litterær stilforsking ved Universitetet i Oslo i 1948–1955 og professor i litteraturhistorie med mellomalderlitteratur som spesialfelt i 1955–1975.
Hallvard Lie var sagaforskar og norrøn stilgranskar. Han studerte stilen i talar og dialogar i Heimkringla, der han samanliknar Snorres skrivemåte med framstillinga av det same stoffet i eldre islandske kongesoger. Han analyserer stilistiske verkemiddel og særdrag hos Snorre og freistar å finne fram til Snorres «tankeform».
I doktoravhandlinga om Egil Skallagrimsson og Jorviksferda, frå 1948, er eit sentralt punkt tolkinga av Egils ferd til Jorvik. I Skaldestilstudier, frå 1952, studerer han den innfløkte og utsmykka skaldestilen og utviklinga av denne stilen. Han avviser at skaldestilen kom utanfrå, frå Irland, og ser likskap med ikkje-naturalistisk treskurd i vikingtida.
I mange år samla han stoff til Norsk verslære (1967), eit nesten 900-siders verk med analyse og klassifisering av metrum, rimmønster og strofeformer i dikt frå skaldekvada til modernismen. Boka er standardverket på sitt område.
Han omsette fleire islandske ættesoger til bokmål: Njåls saga (1941), Egils saga (1951) og Gisles saga (1954).
Lie vart innvald i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1953 og fekk Fridtjof Nansens belønning for fremragende forskning i 1969.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.