Faktaboks

Hallvard Gråtopp
Fødd
1390, truleg Drangedal
Død
1438
Levetidskommentar
fødsels- og dødsår er omtrentlege
Verke
Opprørsleiar
Familie

Slektsbakgrunnen er usikker; foreldra kan ha vore sira Torer Ogmundsson (truleg prest i Sauherad 1401) og Margrete Hallvardsdotter av Vrålstad-ætta.

Etter tradisjonen gift med Tørris.

Herren Hallvards kiste
På garden Vrålstad i Drangedal stod ei gamal kiste, «Herren Hallvards kiste». Tradisjonen kombinerer «Herren Hallvard» med Hallvard Gråtopp. Ifølgje tradisjonen overlevde Hallvard toget mot Oslo og heldt fram med striden frå Gråtoppen, ei bygdeborg ikkje langt frå Vrålstad. Det meste av det som blir fortalt, må vera fri dikting.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Hallvard Gråtopp var ein norsk opprørsleiar i seinmellomalderen. I 1438 leia han bøndene i Nedre Telemark og tilgrensande bygder til opprør mot det danske futestyret og skattepolitikken til Erik av Pommern. Truleg låg det også sosiale motsetningar bak reisinga.

Bakgrunn

Hallvards identitet er usikker. Etter segner og tradisjon budde Hallvard på garden Vrålstad i Drangedal og var gift med ei Tørris. Nyare lokalhistoriske granskingar knyter han også til denne garden og identifiserer han som Hallvard Toresson.

Han har òg blitt knytta til garden Lindheim i Sauherad.

Opprøret

Gråtopp-reisinga var eit framhald av det opprøret Amund Sigurdsson Bolt hadde leia i 1436–1437, og som hadde samla bønder frå det sentrale austlandsområdet. No var det bøndene i Nedre Telemark som reiste seg, men også bønder frå dei øvre telemarksbygdene var med frå starten. Seinare, då flokken gav seg i veg mot Oslo for å «fordærve oc skade byen», slutta også allmugen i Asker og Bærum seg til.

Opprørsflokken drog først mot futegarden Mæla, der dansken Herlaug Pedersøn residerte, deretter la dei vegen om Brunla i Brunlanes, setegarden til fru Sigrid Niklisdotter Galle. Ho var enke etter den pommerske stormannen Markvard Bukk og mor til høvedsmannenAkershus, Olav Bukk. Her budde også den danske futen Jusse Jakobsøn, som måtte søkja tilflukt med familien i Tanum kyrkje like ved. Med stadig aukande tilslutning toga dei så mot Oslo, «rofuæde badhæ kirkiur oc min nadighe herræ konungens almughe,» skriv Olav Bukk i 1439, «slogho oc gripo dandæmen oc trugadhe lærdæ oc leiktæ, swa wæl rikæ som fatikæ, quinnor som men» ('røva både kyrkjer og min nådige herre kongens allmue, og slo og greip danna menn og trua lærd og lek, så vel rike som fattige, kvinner som menn').

Olav Bukk fekk hjelp av den tidlegare høvedsmannen på Akershus, Svarte Jens, og det kan ikkje ha vore vanskeleg for dei å driva den uorganiserte flokken tilbake. Bøndene vart lova at dei skulle få leggja fram klagene sine på eit riksmøte i Oslo midtsommars 1439. Mykje talar for at Hallvard Gråtopp var død då dette vart avtala, og det kan forklåra at bøndene gav seg så lett.

Straffer

Det annonserte riksmøtet midtsommars 1439 kjenner vi ikkje meir til, derimot veit vi at dei som var med i oppreisten, fekk svi. Bøndene i Nedre Telemark vart kollektivt straffa, med standardbot ei ku, eventuelt fire huder, to gilde mårskinn eller to gode gaupeskinn. Alle måtte betala, «badhæ riker oc fatiker, unger oc gamall, swa wæl thæn som hæima sath som mædh Graatoppen løøp» ('både rike og fattige, unge og gamle, så vel den som satt heime som [den som] med Gråtoppen løp').

I tillegg fekk personar utanom Nedre Telemark, som truleg hadde vore leiande i oppreisten, individuelle bøter. Ein av dei var Gudmund Helgesson på Holt i Ullensaker, som også hadde vore med i reisinga til Amund Sigurdsson Bolt; han måtte gje frå seg garden Kauserud i Kisa. Når ingen i Nedre Telemark fekk individuell straff, kan grunnen vera at Hallvard Gråtopp hadde vore den suverene leiaren her, og han var truleg død.

Årsakar

Mykje tyder på at innslaget av plyndring var sterkare i Gråtopp-reisinga enn i Amund Bolts reising. Det kan ha samanheng med at rotlause element utanom bondesamfunnet var med i opprørsflokken. Men det kan også liggja sosiale motsetningar til grunn, og dette kan forklåra plyndringa av Brunla hovudgard. Frå heimlandet sitt, Pommern, var Markvard Bukk fortruleg med både hoveri og andre former for godsherrerettar. Saman med fru Sigrid kan han ha byrja å praktisera slike «rettar» overfor leiglendingane sine, og det kan ha utløyst hemnaksjonar av liknande karakter som vi kjenner frå samtidige reisingar i Sverige (Puke-reisinga) og Danmark.

Kven var Hallvard Gråtopp?

Som historisk person er Hallvard Gråtopp utelukkande omtala i brev frå tida etter at oppreisten var slått ned. Nokon småkårsmann kan han ikkje ha vore. Medhjelparane hans, som vi har fleire opplysningar om, høyrde til det øvre laget i bondesamfunnet, og vi må kunna slutta at han ikkje hadde lågare status enn dei han var leiar for. Det talar for at han var lågadelsmann eller storbonde.

Bota som romeriksbonden Gudmund Helgesson fekk, knyter band mellom Gråtopp-reisinga og Amund Bolts opprør. Historikaren Ludvig Daae fann det «tænkeligt» at Hallvard Gråtopp sjølv var med i Amund Bolts reising, og at han var identisk med Hallvard Toresson, ein av dei leiande i krinsen rundt Amund. Gjennom ein kombinert slektshistorisk og jordegodshistorisk analyse meiner lokalhistorikaren Birger Kirkeby å kunna sannsynleggjera at dette kan vera rett, men inntil vidare må det bli ståande som ein hypotese.

På garden Vrålstad i Drangedal var det i 1743 eit stort bursloft, og her stod ei gamal kiste, «Herren Hallvards kiste», med mange gamle pergamentsbrev. Tradisjonen kombinerer «Herren Hallvard» med Hallvard Gråtopp og veit å fortelja at han overlevde toget mot Oslo og heldt fram med striden mot futar og undertrykkjarar frå Gråtoppen, ei bygdeborg ikkje langt frå Vrålstad. Det meste av det som blir fortalt, må vera fri dikting og kan ha samanheng med omstenda rundt Hallvard Gråtopps død. Det vi må kunna føla oss tolleg sikre på, er at han budde på Vrålstad, og at han hadde tilknyting til framståande slekter i Nedre Telemark.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørkvik, Halvard: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Diplomatarium Norvegicum, bind 2 nr. 737; bind 3 nr. 745, 746, 750, 751, 752, 754 og 798; bind 5 nr. 677, 724 og 775; bind 9 nr. 276; bind 21 nr. 420
  • Daae, Ludvig: Bidrag til Norges Historie i Aarene 1434–1442, i Historisk tidsskrift, 1. rekke, bind 4, 1877
  • Henneseid, Stian: Hallvard Gråtopp og bondeopprøret i 1438, Drangedal 1988
  • Imsen, Steinar: Norsk bondekommunalisme. Fra Magnus Lagabøte til Kristian Kvart, bind 1, Trondheim 1990
  • Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad. Gards- og ættesoge, bind 3, Sauherad 1985
  • Kirkeby, Birger: Hallvard Gråtopp frå Lindheim skipreide og hendingane i 1430-åra, Gvarv 1995
  • Koht, Halvdan: Norsk bondereising. Fyrebuing til bondepolitikken, 1926
  • Landstad, Magnus B.: Ættesagaer og Sagn fra Telemarken, 1924
  • Sannes, Olav: Drangedal med Tørdal. Ei bygdesoga, Drangedal 1924
  • Steen, Sverre: biografi i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 5, 1931

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg