Faktaboks

Hallvard Ørsal
Fødd
22. desember 1876, Todal i Surnadal, Møre og Romsdal
Død
1. februar 1943
Hallvard Ørsal
Hallvard ved Tovatna i Trollheimen.
Hallvard Ørsal
Av .

Hallvard Ørsal var ein av dei mest kjende spelemenneneNordmøre i byrjinga av 1900-talet. Han komponerte slåttar og vann fleire prisar.

Bakgrunn

Hallvard Ørsal var fødd på ein husmannsplass under garden Ørsal øvst i Todalen i Surnadal kommune, Møre og Romsdal. Han døydde på Myrvang i Todalen. I 1919 kjøpte han eigedomen Myrvang øvst i heimbygda og budde der til han døydde i 1943. 17. mai 1949 reiste bygdefolket ein minnestein over han på plassen der han vart fødd.

Folkemusikken

Todalen fostra fleire spelemenn utover 1800-talet, med Hallvard Ørsal som den mest kjende. Ørsal viste tidleg musikalske evner og synte særleg talent for felespel. Både på fars- og på morssida var det gode spelemenn, og frå mora lærte han mange slåttar og folketonar. Sidan han voks opp i små kår måtte han tidleg ut i arbeid, og fekk dermed aldri noko formell musikkutdanning. I 1902 reiste han til Molde for å vere med på ein kappleik, der han vann ein førstepremie. Seinare vann han fleire premiar på kappleikar. Ørsal spela særleg nordmørsslåttar.

Spelemannsslekt

Ørsal hadde kunstnarar og spelemenn i ætta, både på fars- og morssida. Ein oldefar på morssida, spelemannen Nils Andersson Sagjen frå Lesja, kom til Todalen sist på 1700-talet. Der fekk han namnet «Gammel-Sagjin», som enno er namnet på ein slått etter han. Fleire av slåttane til Ørsal hadde han etter mora, som tralla dei for han. Ho hadde ei god songrøyst og kunne mange tonar og slåttar til både arbeid og til dans. Desse slåttane lærte Ørsal seg raskt å spele på fela si, og snart vart han ein dugande og omtykt spelemann i bryllaup og andre samankomstar, både i heimbygda og i nabobygdene.

På farssida var han av Rytter-ætta, der det var fleire kunstnarar og spelemenn, blant dei syskenbarnet Henrik Rytter, som var ein kjend lyrikar.

Frå vanleg fele til hardingfele

Ørsal bestemte seg tidleg for å byte ut fela med hardingfele, for å hevde seg betre i kappleikar og for å kunne leve som spelemann. Så lenge han spela vanleg fele, heldt han seg til nordmørstradisjonen.

Ved å skifte instrument måtte han lære seg ein annan speleteknikk og til dels også eit anna repertoar, mellom anna slåttar frå «hardingfeledistrikta» og bravurnummer som «Fanitullen» og «Myllargutens meisterstykke». Saman med Ivar Kjellstad og Nils Bakke prøvde han seg som turnerande hardingfelespelar under den nasjonale bølgja først på 1900-talet. Han spela òg mykje saman med Peder Tevik og trekkspelaren Ole Wenge.

Ikkje alle likte dette skifte av instrument. Då Ørsal spela nordmørsslåttar på hardingfele, kom han samtidig til å svekkje respekten for den mest særmerkte nordmørsmusikken på vanleg fele. Likevel er det Ørsal som oftast vert nemnd i kjeldene når det gjeld vidareføring av nordmørstradisjonane, og over heile Nordmøre finn ein spor etter han som spelemann. Han har sjølv komponert mange slåttar, der dei mest kjende er «Neådaling», «Tovass-valsen» og «Helsing til Todalen».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jostein Fet: Folkemusikken i Møre og Romsdal. Skrift nr. 1 frå Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal. Volda 1999
  • Leif Halse: Spelemenn på Nordmøre. Trondheim 1973

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg