Faktaboks

Hallvard Eika
Fødd
5. desember 1920, Torquay, Saskatchewan, Canada
Død
17. mai 1989, Bø (no Midt-Telemark), Telemark
Verke
Politiker og organisasjonsmann
Familie

Foreldre: Bonde Kittil Halvorson Eika (1879–1965) og Kari Landsverk (1892–1961).

Gift 1959 med Aslaug Vethe (26.12.1921–28.2.1986), datter av bonde Brynjulv L. Vethe (1885–1969) og Guri Seim (1885–1976).

Hallvard Eika
Av /Stortingsarkivet.
Hallvard Eika

Foto 1972. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Hallvard Eika
Av /NTB Scanpix ※.

Hallvard Eika var ein norsk politikar og organisasjonsmann. Han leidde Norges Bondelag i elleve år og hadde som handelsminister i 1972–1973 ansvaret for handelsavtalen med EF.

Bakgrunn

Hallvard Eika var fødd i Torquay i Saskatchewan i Canada, voks opp i (no Midt-Telemark) i Telemark og døydde i Bø. Eika gjekk på Foldsæ jordbruksskole i 1938–1940, Hamar katedralskole i 1942–1943 og Noregs landbrukshøgskole i 1943–1946. Frå 1955 til 1966 var han formann i Norges Bondelag.

Politisk karriere

I 1967 kom Eika med i heradsstyret i Bø og var ordførar til han i 1969 vart vald inn på Stortinget for Venstre. Han var medlem av landsstyret i Venstre i 1968–1976 og var organisatorisk nestformann i 1970–1972.

Eika sat på Stortinget fram til 1977 og var medlem av justiskomiteen, forsvarskomiteen og industrikomiteen. Frå august 1970 til mars 1971 var han landbruksminister i Borten-regjeringa, og frå oktober 1972 til oktober 1973 handelsminister i Korvald-regjeringa. Som handelsminister hadde han som hovudoppgåve å skaffe ein best mogleg handelsavtale med EF etter at Noreg hadde sagt nei til medlemskap. Avtalen, som vart forhandla fram av sjefsforhandlar Jens Evensen, la grunnlaget for Noreg sitt forhold til EF før han i 1994 vart erstatta av EØS-avtalen.

Andre verv og engasjement

I 1978–1985 var Eika fylkeslandbrukssjef i Telemark. I 1970–1972 var han medlem av styret for Telemark distriktshøgskule, og i 1972–1976 var han formann. Eika var ein profilert og konsekvent nynorskbrukar.

Utmerkingar

I 1986 vart Eika utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen for norsk landbruk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg