Hallvard

Hallvard er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Hall-varðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘(flat) stein’ og etterleddet ‘vaktar’.

Namnet har fleire variantar: Halvar, Halvard, Hallvar, Hallvard.

Namnedag er 15. mai. Halvor har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Hallvard

Eit utval personar med namnet Hallvard, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 2200 menn (fødde i Noreg) som hadde Hallvard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alver, Brynjulf 1981: [Dag og merke. Folkeleg tidsrekning og merkedagstradisjon]. 2. utg. Oslo–Bergen–Tromsø.[/li][li]
  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg