Hallingdal

Hallingdal. Utsikt mot Ål, sett fra Liagardane aust for tettstaden. Oppsjø og Strandafjorden i bakgrunnen. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Hemsedal

Hemsedal. Høststemning ved Storevatnet, Bubakken ved Lykkja. I bakgrunnen Skogshorn, 1728 meter over havet. Bildet er hentet fra papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt i 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Hallingdal ligg i tidlegare Buskerud fylke. Dialektene i øvre delen av Hallingdal høyrer til Midlandsmåla. Hallingmålet har kløyvd infinitiv (å vera mot å kaste) og delt hokjønn i bestemt formeintal: den bygdé mot den visa.

Buskerud.

Hallingdal ligg i tidlegare Buskerud fylke. Dialektene i øvre delen av Hallingdal høyrer til Midlandsmåla. Hallingmålet har kløyvd infinitiv (å vera mot å kaste) og delt hokjønn i bestemt formeintal: den bygdé mot den visa.
Av .
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Hallingmål er ein austnorsk dialekt som blir brukt i Hallingdal. Hallingdal grensar i nord til Valdres, i sør til Numedal og i vest til Indre Sogn og Hardanger. Hallingmålet høyrer til midlandsmåla.

Faktaboks

Også kjend som

Hallingmål

Målet i Hallingdal har det austnorske jamvektssystemet med mellom anna kløyvd infinitiv. Det inneber at norrøne fullvokalar (a, u) i Hallingdal er bevart etter gamal kort rotstaving (å fara, ei viku), men er redusert til ein trykklett e etter gamal lang rotstaving (å kaste, ei vise). Etter lang rotstaving som sluttar på palatal konsonant, er norrøn -a blitt til -i, men til -y etter -y- i rotstavinga, f.eks. å læggji, å byggjy.

Hallingmålet har mange trekk felles med valdresmålet, men er forskjellig mellom anna ved at Hallingdal har -i og -u i ord-endingar der Valdres har ‑e og ‑o (Hallingdal: fLeire viku og fLeire bygdi. Valdres: fLeire viko og fLeire bygde).

Lydverk (fonologi)

Lydverket (fonologien) er typisk austnorsk, men med nokre innslag av vestnorsk. Det er tjukk l både i typen soL (sol) og i typen gaL (gard) og retroflekser i ord som ert og surt.

Konsonantar

Dei vestnorske trekka finn ein særleg i konsonantismen. Eit slikt trekk er når det norrøne konsonantsambandet -rn- er blitt differensiert til ‑dn- (eventuelt -tn-) i ord som hødn (horn) og kødn (korn), og i fleirtalsformer som hestadn. Dette vestnorske innslaget i hallingmålet, til liks med former som nabdn (navn) og rægdn (regn), minner om at dalen ein gong høyrde til Gulatinget og til Stavanger bispedømme.

I nokre småord blir konsonanten -d ofte bytta ut med -r, jf. døme som «ga ru o re?» (gav du honom det?), «slo’o rei se?» (slo dei seg). Former med -r blir brukte i staden for former med -d når ordet kjem etter ein vokal og samstundes ikkje har trykk i setninga. Helst er det lette pronomen og adverbet då som får uttale med -r.

Vokalar

Hallingmålet har dei tre norrøne diftongane ei, au og øy/ey, som i dei fleste norske dialektene. Diftongen ei lyder i Hol og Ål som ai og diftongen øy som åy. Det heiter i dette området å laite og å såyne (leite og syne). I dei andre bygdene i dalen lyder dei tre diftongane stort sett som ei – au/øu -øy. I nedre Hallingdal har dialekta itakisme (avrunding av vokalar, dvs. at y og øy fell saman med i og ei, noko som har gjeve former som stigg (stygg) og rigg (rygg), og kjeire (køyre), heire (av høyre). På Austlandet er itakisme særleg kjend frå Solør og Odalen (finst også i øvre Lærdal).

I det meste av Hallingdal har talemålet vokalen ø for norrønt o i ord som støkk (stokk), skøt (skudd), vøll (voll), tøpp (topp), køst (kost). Men i Ål har slike ord vokalen å, ein skilnad som er vanskelig å forklare språkleg.

Formverk (morfologi)

Substantiv

Kjønn Form Eintal, ubunde Eintal, bunde Fleirtal, ubunde Fleirtal, bunde
Hankjønn nemneform gut gut’n guta gutadn
dativform gut gute guta guto
nemneform hare haren hara haradn
dativform hara haro
Hokjønn nemneform fjør fjøri fjøri fjøridn
dativform fjør’n fjøro
nemneform viku viku/viko viku vikud’n
dativform vikun viko
Inkjekjønn nemneform hus huse hus husé
dativform huse huso
nemneform løk løke løk løkji
dativform løkji løko

* dativformene i inkjekjønn har tonelag 2.

Som skjemaet ovanfor viser, har Hallingdal dativbøyning av substantiv (ikkje i Flå). Her følger nokre døme på dativformer i bruk, etter Venås 1990 (dativformer til høgre, understreka):

Eksempel Nemneform Dativform
gut gut’en kjem gje gute mat (= gje guten mat)
støl dra på støl’n vera på støle
stabbe stabben er tung sita på stabba
veke viko er lang te vikun (= i komande veke)
jente sjå jenta møte jentun
taket takæ er bratt dette ne tå takji

Det er ulikt tonelag (tonem) i dativ eintal av hankjønns- og inkjekjønnsorda. Det heiter i dativ hankjønn på heste med tonelag 1 og dativ inkjekjønn i fjelle med tonelag 2. I fleirtal er dativendinga -o for alle kjønn i halling- og valdresmålet (i bygdo), medan det i Gudbrandsdalen er -om (i fjellom).

Verb

Fleirtal av verb

Hallingmålet skil mellom eintal og fleirtal av verb. Det vil seie at verbet får ulik form etter som subjektet er i eintal eller fleirtal. Dette kjem fram i ord-par som han sit – dei sita, ho sat – dei soto, han kasta (no) – dei kaste, du vil – dei vilja og så vidare. Dei sterke verba har eintals- og fleirtalsformer både i presens og preteritum, dei svake berre i presens.

Sterke verb

Hallingmålet har 7 klasser av sterke verb. Her følgjer døme på 1., 3. og 6. klassa:

Klasse Infinitiv Presens Preteritum Perfektum
1 å bite bit beit – bito biti
3 å finne finn fann – fonno funne/fønne
6 å fara fer for – foro føre/fare

(I preteritum er det ført opp eintals- og fleirtalsformer.)

Svake verb

De svake verba har ikkje -r i presens. Dei kan i hallingmålet delast inn i 5 klasser:

Klasse Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum
1 å kaste kasta kasta har kasta a-verb
2 å like lika likte har likt blanda bøying
3 å møte møte møtte har møtt e-verb
4 å veLja veL varde (retrofleks) har vartt (retrofleks) ja.verb
5 å bu bur budde har butt kortverb

Endringar i dagens hallingmål

Dialektene under sterkt press i vår tid. Til Hallingdal kjem det svært mange skituristar i vinterhalvåret. Dette skaper omfattande dialektendringar. Dette gjeld ikkje minst i Halling-bygda Hemsedal, som kartet her viser.
Dialektene under sterkt press i vår tid. Til Hallingdal kjem det svært mange skituristar i vinterhalvåret. Dette skaper omfattande dialektendringar. Dette gjeld ikkje minst i Halling-bygda Hemsedal, som kartet her viser.
Av /Statens kartverk.

Av velkjente grunnar (massemedia, auka mobilitet i samfunnet) er dialektene under sterkt press i vår tid, med omfattande dialektendringar.

For Hallingdal har nærleiken til Oslo-regionen, og turisme med alpinidrett, hatt mykje å seie, og bygdesenter som Geilo, Ål og Gol har fremja ei utvikling mot et meir oppblanda mål med fleire avslipte dialekttrekk. Ein kan nemne at den særmerkte uttalen -dn er på vikande front i sentrumsstader og hos ungdom generelt. I staden for former som biladn og jentudn kjem det inn former som bilan og jentun eller bilene og jentene.

Arkaiske trekk i hallingmålet, som dativbruk og bruk av fleirtalsformer i verba, er i dag lite brukt av dei unge.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Venås, Kjell (1977): Hallingmålet. Oslo: Det norske samlaget.
  • Venås, Kjell (1990): Hallingdal (om dialekten). I: I Jahr, E.H. (red.) (1990): Den store dialektboka. Oslo: Novus.
  • Venås, Kjell (1997): So sea me her. Ei lita bok om hallingmålet. Ål i Hallingdal: Boksmia.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg