Hallingdølen er ei lokalavis som kjem ut i Ål i Hallingdal i Viken. Avisa vart grunnlagd i 1936 og er eigd av fleire aksjonærar. Avisa dekkjer Hallingdal og er den største nynorskavisa på Austlandet.
Hallingdølen kjem ut tre gonger i veka. Alt redaksjonelt stoff er på nynorsk. Medan Firda er den største nynorskavisa på Vestlandet, er Hallingdølen den største på Austlandet. Avisa er ei av dei største avisene i Noreg som står utanfor alle mediekonsern eller som ikkje sjølv er eit mediekonsern. Hausten 2011 innførte Hallingdølen betaling for all tilgjenge til artiklar på Internett. Ho var ei av dei første avisene i Noreg med denne ordninga.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.