Hallgeir Langeland

Faktaboks

Hallgeir Langeland

Hallgeir Håbekk Langeland

Født
14. november 1955, Strand, Rogaland

Artikkelstart

Hallgeir Langeland er lærar og tidlegare stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti (SV) frå Rogaland frå 1997 til 2013.

Bakgrunn

Hallgeir Håbekk Langeland er fødd i Strand i Rogaland. Han gjekk idrettslinja på vidaregåande skuleSt. Svithun i 1972–1975, tok sersjantkurs (USK) i Forsvaret i 1975–1976, deretter historie grunnfag i 1978 og lærarutdanning ved Høgskolen i Stavanger (no Universitetet i Stavanger) i 1978–1982. Han arbeidde som lærar ved ulike skular i 1982–1990 og var rådgivar (1990–1996) og undervisningsinspektør ved Austbø ungdomsskole (1996–1997).

Politisk karriere

Langeland var gruppeleiar og medlem av formannskapet i Stavanger bystyre for Sosialistisk Venstreparti i 1991–1995 og medlem av bystyret i 1995–1997. I 1992–1995 var han medlem av styret for Rogaland SV og medlem av sentralstyret til partiet i 1995–1999. Langeland var stortingsrepresentant for Sosialistisk Venstreparti frå Rogaland samanhengande frå 1997 til 2013. Han var medlem av energi- og miljøkomiteen i 1997-2005, transport- og kommunikasjonskomiteen i 2005-2013 og kontroll- og konstitusjonskomiteen i 2009-2013.

Som politikar stod han gjerne i spissen for aksjonar og sivil ulydnad, og har hatt eit særleg internasjonalt engasjement. Han arbeidde for rushtidsavgift i byane, lyntog og kollektivtransport, og han er imot utbygging av gasskraftverk og for alternativ energi. Langeland høyrde til venstrefløya i partiet og har ved fleire høve kritisert si eiga partileiing.

Andre verv

Langeland har hatt fleire administrative verv og tillitsverv, mellom anna har han vore medlem av skulestyret i Strand kommune i 1975–1977, styremedlem i Midtbygdens Idrettslag i 1975–1978, i Norsk Lærarlag i Stavanger og Rogaland i 1986–1991 og i Cubaaksjonen i Stavanger i 1990–1995. Han har òg arbeidd med og for nynorsk i ulike samanhengar og var styremedlem i Løvebakken mållag.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg