Hallfrid Christiansen

Faktaboks

Hallfrid Christiansen
f. Andreassen
Født
20. februar 1886, Gimsøy (no Vågan)
Død
29. september 1964, Oslo
Hallfrid Christiansen
/Gimsøy historielag.

Artikkelstart

Hallfrid Christiansen var dialektforskar og ein pioner i norsk dialektgransking. Ho gjorde eit stort arbeid med å kartleggje nordnorsk talemål og var den andre kvinna som disputerte for doktorgraden i nordisk språkvitskap i Noreg.

Christiansen var lærardotter, gjekk på folkehøgskule i Vesterålen og var seinare elev ved ein privatskule i Kvæfjord. Etter nokre år som huslærar fleire stader i Lofoten og Vesterålen reiste ho til hovudstaden, der ho mellom anna arbeidde som kontordame. Ho tok examen artium som privatist i 1925, 39 år gamal. Så byrja ho å studere filologi ved Universitetet i Oslo og tok bifagseksamen i norsk og tysk. Alt i 1931 blei manuskriptet til avhandlinga om heimemålet hennar, Gimsøymålet, lagt fram i Det Norske Videnskabs-Akademi i Oslo. Avhandlinga kom ut i 1933, og disputasen blei halden i 1935.

Christiansen var husmor og måtte kvalifisere seg for akademisk arbeid utan å få økonomisk støtte. Ho spøkte med at ho hadde grautsleiva i den eine handa og pennen i den andre. Ho fekk aldri noka universitetsstilling, sjølv om det kom godt underbygde framlegg om det frå fagmiljøet. Frå 1950 fekk ho støtte frå Noregs allmennvitskaplege forskingsråd (seinare innlemma i Forskingsrådet) til å drive innsamling og gransking av dialektar. Ho heldt ei rekkje frie førelesingar ved Universitetet i Oslo, der ho òg vikarierte i to professorat i allmenn lingvistikk. Ho hadde dessutan undervisningsoppdrag ved Universitetet i Bergen.

Doktorgradsarbeidet var eit pionerarbeid. Aldri før hadde ein einskild norsk dialekt vorte studert så grundig. Christiansen var inspirert av den allmenne lingvistikken og utfordra med det den rådande forskingstradisjonen i norsk dialektgransking. Ved sida av doktoravhandlinga var ho mest kjend for innføringsboka Norske dialekter (1946–1948). Ho gjorde ein stor innsats med å samle inn og granske nordnorsk talemål. Etter krigen og fram til 1962 var ho så godt som kvar sommar på tur i Nord-Noreg for å registrere dialektar. Ho planla ei nordnorsk dialektordbok, som skulle vere eit tilskot til ordbøkene til Ivar Aasen og Hans Ross, då begge desse hadde lite språktilfang frå den nordlege landsdelen. Ordboka blei ikkje ein realitet, men materialet til Christiansen har vore ei sentral kjelde til nordnorske dialektar for det nasjonale ordbokprosjektet Norsk Ordbok 2014, der siste bandet blei lansert i mars 2016.

Hallfrid Christiansen skreiv ikkje sjølv nynorsk, men meinte at nordnorsk talemål svara godt til det nynorske skriftspråket. Frå 1950 var ho medlem av Det Norske Videnskabs-Akademi.

Saman med den danske språkmannen Niels Åge Nielsen gav ho også ut Norsk-dansk ordbog (1955). Folkeekspansjonen fra Sørvest-Norge til Nord-Norge i prehistorisk tid blei gitt ut posthumt i 1965.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Karlsen, Knut E. (1997): Hallfrid Christiansen. Nordnorsk språkforskar mellom to tradisjonar. Ei faghistorisk utgreiing med vekt på «Gimsøymålet», upublisert hovudoppgåve i nordisk språkvitskap. Tromsø: Universitetet i Tromsø
  • Karlsen, Knut E. (2011): «Hallfrid Christiansen – språkforskaren frå Lofoten», Lokalhistorisk magasin 2/2011, side 4–7
  • Nickelsen, T. (2008): «Hun samlet de nordnorske dialektene», Apollon 1/2008, side 24–25
  • Skjekkeland, M. (1997): Dei norske dialektane. Tradisjonelle særdrag i jamføring med skriftmåla. Kristiansand: Høyskoleforlaget
  • Thue, F. W. & Helsvig, K. G. (2011): Universitetet i Oslo 1945–1975. Den store transformasjonen, bd. 5. Oslo: Unipub
  • Venås, K. (1997): «Hallfrid Christiansen – ein faghistorisk presentasjon», Målvitskap og målrøkt. Festskrift til 70-årsdagen 30. november 1997, side 302–336. Oslo: Novus forlag

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg