Halldóra B. Björnsson

Faktaboks

Halldóra B. Björnsson
Født
1907, Hvalsfjörður
Død
1968

Artikkelstart

Halldóra B. Björnsson var ein islandsk forfattar. Av ein søskenflokk på åtte kom seks til å gje ut diktsamlingar, deriblant Halldóra. Ho debuterte som lyrikar i 1949 med Ljóð (Dikt).

Både i form og innhald er dei tre diktsamlingane hennar prega av ei blanding av tradisjon og modernisme, saman med ein klårt uttrykt feminisme og pasifisme.

Ho skreiv også noveller og ein roman basert på barndomsminne, Eitt er það land (Det er eit land, 1955).

Halldóra B. Björnsson var ein av initiativtakarane til Menningar- og friðarsamtak íslenskra kvenna (Den islandske kvinneorganisasjonen for fred og kultur).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg