Halldór Hermannsson

Faktaboks

Halldór Hermannsson
Født
6. januar 1878, Rangárvellir
Død
28. august 1958, Ithaca, New York

Halldór Hermannsson var ein islandsk-amerikansk bibliograf og litteraturhistorikar. Han var professor i skandinaviske språk og styrar av Fiske-samlinga av islandsk litteratur ved Cornell University i Ithaca, New York.

Frå 1905 skreiv han ei rekkje bibliografiske verk om islandske handskrifter og islandsk litteratur, og han gav også ut islandske handskrifter.

Han gav mellom anna ut The Problem of Wineland (1936) og The Vinland Sagas (1944).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg