Faktaboks

Halil Mutlu

Opprinnelig Huben Hubenov

Fødd
14. juli 1973, Postnik, Bulgaria

Halil Mutlu er ein tidlegare tyrkisk vektløftar. Han vart olympisk meister tre gongar. Mutlu vart seinare teken for doping og utestengd frå idretten i to år.

Karriere

Han vart fødd av tyrkiske foreldre i Bulgaria, og fekk namnet Huben Hubenov. I 1989 valde han å hoppe av og bli tyrkisk statsborgar. Under namnet Halil Mutlu vart han ein del av den tyrkiske satsinga på vektløfting.

Mutlu byrja aktivt med vektløfting som 18-åring, og allereie i 1992 debuterte han i 1992 i OL med en femteplass i 52-kilosklassen. To år seinare vann han både EM og VM.

Under OL i Atlanta i 1996 sette han ny olympisk rekord då han vann sitt første OL-gull i 54-kilosklassen. I 1999 vart han kåra til den beste idrettsutøvaren i Tyrkia, etter at han igjen hadde vunne VM.

Mutlu tok sitt andre OL-gull i 2000. I Sydney sette han samstundes tre verdsrekordar på vegen mot OL-triumfen i 56-kilosklassen.

I 2004 vart Mutlu den fjerde vektløftaren med tre OL-gull gjennom tidene, då han gjekk til topps under leikane i Athen. Året etter testa Mutlu positivt på anabole steroidar. Han vart då utestengd frå idretten i to år, sjølv om han hevda han ikkje hadde innteke dopingpreparat med vilje.

Mutlu prøvde etter utestenginga å gjere comeback for sitt tredje OL, men valde å leggje opp som vektløftar i juli 2008.

Merittar

  • Tre OL-gull (1996, 2000 og 2004)
  • Fem VM-gull (1994, 1998, 1999, 2001 og 2003)
  • Ti EM-gull (1994, 1995, 1996, 1997, 1999, 2000, 2001, 2003, 2005 og 2008)

Personlege rekordar

  • Rykk: 147,5 kg
  • Støt: 175 kg
  • Total: 322,5 kg

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg