Hadle er eit mannsnamn som er dialektform av Halle, kortform av namn med forleddet Hall-, til dømes Hallvard. Det norrøne hallr tyder ‘(flat) stein, helle’. Hadle har særleg vore brukt i Rogaland.

Namnet har fleire variantar: Hadle, Halle.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Hadle som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg