Haakon Blankenborg

Faktaboks

Haakon Blankenborg
Født
8. april 1955, Vågå, Innlandet
Haakon Blankenborg
Av /NTB scanpix.

Artikkelstart

Haakon Blankenborg er ein norsk politikar og ambassadør. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i seks periodar.

Bakgrunn

Haakon Blankenborg er fødd i Vågå i Gudbrandsdalen. Han gjekk på Vinstra vidaregåande skule 1972–1975, studerte historie og statsvitskap og vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1980.

Karriere

Politikk

Blankenborg var leiar av Fron AUF i 1974–1975, leiar av Gudbrandsdalen AUF i 1976–1978 og Oppland AUF i 1979–1981, og han var medlem av sentralstyret i AUF i 1981–1983.

Blankenborg var vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet i Oppland i perioden 1977–1981 og vart vald inn på fast plass i 1981. Han sat samanhengande på Stortinget i seks periodar fram til 2005. Han var leiar for Kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget i 1986–89, Kommunal- og miljøvernkomiteen i 1990–1993 og Utanrikskomiteen i 1993–2000.

Frå 1990-åra markerte Blankenborg seg som ein sentral utanrikspolitikar for Arbeidarpartiet. I 2001 var han saksordførar for den viktige stortingsmeldinga Norge og Europa ved inngangen til et nytt århundre, som særleg tok for seg tilhøvet til EU.

Utanriksteneste

Frå 2005 til 2010 var han norsk ambassadør i Serbia og Montenegro/Serbia i Beograd. Frå 2011 til 2019 var han avdelingsdirektør i Utanriksdepartementet, der han er leiar for Vest-Balkan-seksjonen. Sidan 2019 har han vore ambassadør i Kroatia.

Verv

I 1978–1981 var Blankenborg medlem i representantskapet for Bøndernes Bank. Han var nestleiar i Statens barne- og ungdomsråd i 1982–1988 og var varamedlem i Utvalget for menneskerettigheter i 1985–1988. Frå 1989 har han vore medlem i styret for Europabevegelsen. I perioden 1983–87 var han medlem av styret i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget.

Blankenborg er samboer med Arbeiderpartipolitiker Solveig Torsvik.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg