Haakon Aasvejen

Faktaboks

Haakon Aasvejen
Født
21. august 1862, Hegra i Stjørdal, Trøndelag
Død
6. oktober 1919

Artikkelstart

Haakon Aasvejen var målmann, skulestyrar, venstremann, redaktør og republikanar.

Haakon Aasvejen var fødd i Hegra i Stjørdal. Han tok lærarutdanning ved seminaret i Klæbu i 1880–1882. Etter dette arbeidde han som lærar på Elverum i 1882–1883 og i Stjørdal i 1883–1887, før han i 1887 vart styrar ved Hornindal friskule. Skulen vart lagd ned i 1890, og Aasvejen vart då fylkesskulestyrar i Nedenes Amt. I 1892 flytta han til Stjørdal igjen som lærar og kyrkjesongar, før han i 1896 vart sekretær i Norges Venstreforening. I 1898 vart han styrar ved Fjordane amtsskule i Florø. I 1900 flytta både skulen og Aasvejen til Nordfjordeid, der han vart redaktør for Fjordabladet same året. Desse stillingane hadde han fram til 1917, då han vart tilsynsmann for folkehøgskulane.

Aasvejen var ein av skiparane av Firda Mållag i 1899, var formann i Firda Ungdomslag 1902–1904 og hadde òg ei rekkje andre verv. Han er kanskje mest kjend som redaktør i Fjordabladet på Nordfjordeid, som til liks med mange lokalaviser hadde eit sterkt redaktørpreg. I 1905 markerte Aasvejen seg som motstandar av Karlstad-forliket og som republikanar.

På kyrkjegarden ved Eid kyrkje er det reist ein minnestein over Aasvejen.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • J.M. Steffensen: «Haakon Aasvejen 21-8-1862 – 6-10-1919», Ung-Norig nr. 1–2/1925, s. 2–7
  • Gyri Tolaas: «Fjordenes blad i 1905», i Kari Hasle, Jens Johan Hyvik og Harald E. Tafjord: Lokale røyster i 1905. Unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet. Høgskulen i Volda 2005, s. 55–70

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg