Høyanger

Faktaboks

Landareal
1 001 km²
Innbyggertall
3965 (2022)
Administrasjonssenter
Høyanger
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggernavn
høyangring, høyangering
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4638 (frå 01.01.2020, tidlegare 1416)
Høyeste fjell
Langedalsfjellet (1456 moh.)

Kommunevåpen

Høyanger

Høyanger. Aluminiumsverket med administrasjonssenteret i bakgrunnen. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Kart
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Høyanger er ein kommune i Ytre Sogn i Vestland fylke. Kommunen ligg på begge sider av den midtre delen av Sognefjorden.

På sørsida av Sognefjorden strekkjer kommunen seg austover frå Furenes ved utløpet av Ikjefjorden til Hegrefjell aust for Ortnevik, og grensar i sør mot Modalen og Masfjorden. På nordsida av Sognefjorden går kommunen frå neset mellom Bøfjorden og Lavik i vest til Tussviki i aust. På denne strekninga skjer dei korte fjordarmane Vadheimsfjorden, Høyangsfjorden og Lånefjorden seg inn. Kommunen blei oppretta i 1964 ved at dei tidlegare kommunane Lavik og Kyrkjebø, og dessutan eit par gardar i Vik nord for Hegrefjell, blei slått saman.

Natur

Høyanger har eit typisk fjell- og fjordlandskap, der åtte prosent av arealet ligg lågare enn 150 meter over havet. Landskapet blir villare og fjella høgare mot aust, frå vel 750 meter over havet ved Lavik til 1456 meter over havet vest for Langedalsbreen på grensa mot Balestrand i nye Sogndal kommune. Berggrunnen består hovudsakleg av gneis som tilhøyrer gneisregionen.

I kommunen ligg Storholmen sjøfuglreservat og dessutan delar av Stølsheimen landskapsvernområde med særprega seterlandskap. Sognefjordens største djup på 1308 meter under havet ligg utanfor Vadheim.

Busetjing

Om lag 90 prosent av innbyggjarane i kommunen bur på nordsida av Sognefjorden, og flest bur i tettstaden og administrasjonssenteret Høyanger inst i Høyangsfjorden. Andre tettstader er Austreim og Kyrkjebø, som begge ligg nord for Sognefjorden.

I tiårsperioden 1994–2004 hadde kommunen ein nedgang i folketalet på gjennomsnittleg 0,6 prosent årleg. Nedgangen kom i kjølvatnet av reduksjonen i sysselsetjing i hjørnesteinsbedrifta Hydro Aluminium. Nedgangen i folketalet er forventa å halde fram mot 2050.

Næringsliv

Jordbruket er dominert av storfe- og sauehald i tillegg til noko geitehald. Jordbruksarealet består primært av grasareal. Lakseoppdrett finst i hovudsak i Bjordal.

Industrien er den dominerande næringsgreina. Sentralt i Høyangers næringsliv står Norsk Hydro ASA, den største bedrifta, med mellom anna Høyanger Metallverk som produserer råaluminium. Aker Solutions ASA driv industrielt vedlikehald for Hydro Aluminium. Bilfelgfabrikken Fundamus leverer felgar mellom anna til bilfabrikken Audi i Tyskland.

I alt 39 prosent av dei industritilsette arbeider i metallindustrien, 54 prosent i transportmiddelindustrien, mellom anna bildelproduksjon (2001). Det blir drive kjemisk industri i Vadheim. Dei lokale kraftressursane har gitt grunnlaget for industrien.

Høyanger er ein stor kraftkommune med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1307 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 15 kraftverk i kommunen, største fallhøgd er 93 meter. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Høyanger K5A kraftverk (i drift frå 1965), Eiriksdal kraftverk (2013) og Høyanger K5B kraftverk (1978). Eit system av elvar, Øyreelva, Hålandselva, Daleelva og Eringsdalselva spring saman like innanfor botnen av Høyangsfjorden. Utbygginga av kraftverka byrja alt tidleg på 1900-talet i samband med at den kraftkrevjande industrien i Høyanger blei etablert. Høyangerfjell vindkraftverk frå 2019 på 480 MW ligg ved reguleringsmagasinet til Eiriksdal kraftverk.

Reiselivsnæringa og turisttrafikken har auka med betra samferdsle. I Høyanger kjem Ytre Sogn Avis ut to gonger i veka. I januar 2016 var arbeidsløysa i Høyanger 3,9 prosent, som var over landsgjennomsnittet.

Samferdsel

Fylkesveg 55 knyter saman Vadheim og Høyanger og fører austover til Balestrand via Høyangertunnelen mellom Høyanger og Lånefjorden.

E39, ytre stamveg, går frå Vadheim nordover til Sande i Sunnfjord og via ferjesambandet LavikOppedal over Sognefjorden sørover til Nordhordland. Fylkesveg 607 er hovudsambandet vestover til Hyllestad. Det er bussamband langs riksvegane.

Frå Bjordal ved Fuglsetfjorden går fylkesveg 5442 sørover over fjellet til Matre i Nordhordland. Det går samanhengande veg langs sørsida av Sognefjorden mellom Ortnevik og Oppedal i Gulen via den 1552 meter lange Bjordalstunnelen.

Offentlege institusjonar

Tettstaden Høyanger har vidaregåande skule, NAV-kontor, symjehall og idrettsanlegg.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Høyanger høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sogn regionråd saman med Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Høyanger kommune svarer til dei fire sokna Bjordal/Ortnevik, Høyanger, Kyrkjebø og Lavik i Sunnfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Høyanger til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Høyanger

For statistiske føremål er Høyanger kommune (per 2022) delt inn i tre delområde med til saman 23 grunnkrinsar:

  • Måren: Måren, Høyanger 1, Høyanger 2, Høyanger 3, Høyanger 4, Høyanger 5, Høyanger 6, Høyanger 7, Høyanger 8, Høyanger 9, Berge, Austreim, Kyrkjebø, Nessane
  • Søreide: Ortnevik, Søreide, Bjordal, Ikjefjord
  • Lavik: Vadheim, Vikum, Torvund, Lavik, Lavikdal

Historikk og kultur

Aust for Oppedal på sørsida av Sognefjorden ligg Massnes Villmarksmuseum med mellom anna utstillingar av vestlandsk fauna. Vasskraftmuseet i Høyanger held til i ein av dei første bygningane som blei reiste i samband med kraftutbygginga.

Høyanger kyrkje er ei langkyrkje i betong, teikna av arkitekt Arnstein Arneberg og vigsla i 1960. Bytorget i Høyanger tettstad er tusenårsstad. Kommunen har alpinanlegg.

Kommunevåpenet

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har tre sølvfarga flammar mot ein blå bakgrunn. Motivet symboliserer aluminiumsindustrien.

Namn

Namnet kjem av norrønt hey, ‘høg', og angre, ‘fjord', opphavleg namn for Høyangsfjorden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Førsund, Adolf: Ættebok for Kyrkjebø, ny utgåve, 1995.
  • Førsund, Adolf og Sigurd Førsund: Bygdebok for Kyrkjebø: Gardssoga, 1963.
  • Leirnes, Leif: Bygdebok for Kyrkjebø og Lavik: Bygdesoge, 1978.
  • Stedje, Norvald: Gamle Høyanger, 1996.
  • Torvund, Anders O.: Ættebok for Lavik, 1983.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg