Faktaboks

Innbyggjartal
1931 (SSB, 2023)
Landareal
1,3 km²
Tettstadsnummer
5526 Høyanger

Høyanger 1928.

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Høyanger er ein tettstad i Høyanger kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,3 km², og har 1931 innbyggjarar (2023).

Høyanger er administrasjonssenter i Høyanger kommune.

Høyanger er ein industristad. Høyanger Metallverk (Norsk Hydro) produserer mellom anna råaluminium. Kværner ASA driv industrielt vedlikehald for Hydro Aluminium.

Høyanger har videregåande skule, kontor for sorenskrivaren i Ytre Sogn og arbeidskontor for Ytre Sogn. Det finst òg symjehall og idrettsanlegg. Storgata går opp frå kaia og ender ved ei kyrkje frå 1960.

Historikk

Industrieigarane Sigurd Kloumann og co., i samarbeid med arkitektane Morgenstierne og Eide, utarbeidde reguleringsplan for den nye industribyen i 1917. Dampskipskaia var innfallsporten til ein lys og romsleg hageby.

I perioden frå 1972 til 2018 produserte bilfelgfabrikken Fundo opptil ein halv million aluminiumsfelgar per år.

Kart

Høyanger
Høyanger
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg