Hødd

Artikkelstart

Idrottslaget Hødd er eit idrettslag frå Ulsteinvik, stifta 1. august 1919, som vart norsk cupmester i fotball i 2012. Klubben spelte i den øvste norske divisjonen i Noreg i 1964, frå 1969 til 1972 og i 1995. Klubben driv også med friidrett, turn og handball.

Faktaboks

Også kjent som
Idrottslaget

Fakta

Meritter

Hødd vann cupmeisterskapen i 2012 mot Tromsø etter 1–1 ved fulltid og 4–2 på straffar. Med cupsigeren fekk dei også plass i Europaligaen året etter, der dei tapte 1–2 samanlagd etter 1–0 heime og 0–2 borte for det kasakhstanske laget Aktobe.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg