Håvard Flo

Faktaboks

Håvard Flo
Født
4. april 1970, Stryn, Vestland
Håvard Flo
Av .
23. juni 1998 er ein merkedag i norsk fotball. Det var den dagen Noreg slo det legendariske landslaget til Brasil 2–1 i dei innleiande rundene til VM, første gong sidan 1970 at Brasil tapte ein kamp i innleiingsspelet i eit VM. Her er dåverande landslagssjef Egil Olsen framom VM-troppen på 22 mann i 1998.
Bak frå venstre: Kjetil Rekdal, Stig Inge Bjørnebye, Gunnar Halle, Egil Østenstad, Ståle Solbakken, Henning Berg, Håvard Flo og Erik «Myggen» Mykland. I midten frå venstre: assistentrener Bjørn Hansen, Tore André Flo, Jostein Flo, Ronny Johnsen, Dan Eggen, Vidar Riseth, Erik Hoftun. Framom frå venstre: Ole Gunnar Solskjær, Øyvind Leonhardsen, Espen Baardsen, Frode Grodås, Thomas Myhre, Roar Strand, Vegard Heggem og Jahn Ivar «Mini» Jakobsen.
/NTB Scanpix.

Artikkelstart

Håvard Flo er ein tidlegare profesjonell fotballspelar frå Stryn. Flo var ein angrepsspelar med styrke i hovudspelet. Han spelte høgre kantspelar i alle Noreg sine kampar under VM i Frankrike i 1998 og var med på å slå Brasil 2–1. Han er fetteren til Jostein og Tore André Flo.

Spelarkarrieren

Han starta fotballkarrieren i Stryn IL. Flo var ein lovande alpinist i ung alder, og starta ikkje å spele fotball før i 11-årsalderen. Han kom til Sogndal IL i 1990.

Utanlandskarrieren

Flo skreiv under for AGF Aarhus i 1994 og vart fort ein publikumsyndling. I 2008 vart han kåra til tidenes beste angripar i AGF av supporterane. I Danmark vann han cupen i 1996 og fekk sølv og bronse i serien. Etter suksessen i Danmark gjekk vegen vidare til spel i den tyske Bundesligaen for Werder Bremen. Flo vann den tyske cupen i 1999 og var med på å slå ut Brann av UEFA-cupen same året.

Etter tre år i Tyskland reiste Flo til England og Wolverhampton Wanderers. På grunn av lite speletid gjekk Flo gratis tilbake til Sogndal sommaren 2001.

Sogndal IL

Flo spelte i Sogndal frå 1990–1994 og kom attende til klubben sommaren 2001. Håvard skåra åtte gonger på 11 kampar den hausten og bidrog sterkt til at Sogndal greidde seg i Tippeligaen med god margin. Sesongen 2004 rykte Flo og Sogndal ned til 1. divisjon. Klubben var spådd å rykke rett opp att, men var aldri i nærleiken i dei påfølgjande sesongane.

Flo melde før 2008-sesongen at den kom til å verte hans siste. Han ville heller konsentrere seg om dei administrative oppgåvene klubben hadde gjeve han. I 2010 gjorde 40-åringen eit overraskande comeback og var delaktig i sesongen som slutta med opprykk til Tippeligaen. Han la opp etter 2010-sesongen.

Håvard Flo er rekna som ein klubblegende i Sogndal, der han har spelt over 400 kampar og scora 159 mål. I 2010 vart han sportsleg leiar i klubben.

Spelestil

Håvard Flo var ein såkalla kraftspiss med relativt god teknikk. Flo si største styrke var hovudstyrken, og svært mange av måla hans blei scora med hovudet. Han var i tillegg fysisk sterk og hadde god duellkraft i tette situasjonar, både innanfor eigen og motstandaren sin 16-meter.

Merittar på landslaget

Flo spelte alle Norge sine fire kampar under VM i 1998.

Merittar i klubbfotball

Flo blei dansk cupmeister med AGF Aarhus i 1996 og tysk cupmeister med Werder Bremen i 1999.

Fakta

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Inge Fænn og Odd Myklebust: Flo United. Oslo 1999

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg