Håkon Wergeland

Faktaboks

Håkon Wergeland
Født
14. april 1878, Byrknesøy, Gulen, Sogn og Fjordane
Død
1. mars 1971, Skedsmo, Viken

Artikkelstart

Håkon Hansson Wergeland var prest, skulemann og forfattar, i ei årrekkje rektor ved lærarskulane i Notodden og Kristiansand og forfattar av oppbyggjelege bøker og lærebøker. Han gav òg ut fleire diktsamlingar.

Wergeland tok teologisk embetseksamen i 1902. Wergeland var styrar ved Oppland kristelege ungdomsskule, på Viken ved Gjøvik frå 1902 til 1911, rektor ved Notodden lærarskule frå 1911 til 1936 og ungdomsprest i Oslo frå 1937 til 1938. Frå hausten 1938 til han gjekk av for aldersgrensa i 1948 var han rektor ved Kristiansand lærarskule. Under krigen blei han avsett frå rektorstillinga i Kristiansand og forvist frå byen av tyskarane. Han verka som hjelpeprest i Strømmen kyrkje i Skedsmo frå 1943 til 1945. I 1945 blei han innsett i rektorstillinga att.

I studenttida engasjerte han seg i den kristne studentrørsla, og han var den første formannen i Studentmållaget i Kristiania. Kristendom og norskdom blei eit program for arbeidet hans i skulen og i lærarskulen. Den første boka han publiserte, var den populærteologiske Mathæusevangeliet i bibeltimer (1911). Læreboka Tru og liv (1916) var ei kristendomslære for lærarskulen og kom i ei rekkje opplag, medan Kristentro og kristenliv var lagd til rette for folkeskulen (1937). Kyrkjesoge for lærarskulane (1926–27) i to band kom i fleire opplag. Også andre bøker hadde stor utbreiing, til dømes Israel føre Kristus (1938) og Jesu liv og aposteltida (1941). Wergeland var oppteken av fredsarbeidet i skulen og skreiv mellom anna Oppseding til fred. Handbok for lærarar i skulen (1953).

Han publiserte fleire diktsamlingar. Jord og himmel blei gitt ut i samband med reformasjonsjubileet i 1917, deretter kom Himmelprofeten (1919), Or bannet (1922) og Heimen (1930).

Wergeland var medlem av nemnda som vurderte Nynorsk Salmebok (1925). To gonger var han aktuell som kandidat til å bli biskop i Den norske kyrkja.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Reidar Bolling: Norges prester og andre teologiske kandidater. Oslo 1949
  • Studentene fra 1897. Kristiania 1922 Studentene fra 1897. Bergen 1948

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg