Faktaboks

Håkon Melberg
Fødd
1. januar 1911
Død
4. november 1990
Håkon Melberg
Håkon Melberg
Håkon Melberg
Av /Syn og Segn.
Håkon Melberg
Håkon Melberg
Håkon Melberg
Av .

Håkon Melberg var ein norsk språkforskar, forfattar og kulturarbeidar.

Han studerte keltiske språk og samanliknande språkvitskap i seks–sju år ved Universitetet i Oslo utan å ta nokon avsluttande gradseksamen. Han publiserte heller aldri nokon keltologiske studiar.

Det språkvitskaplege arbeidet som gjer han verdt å minnast for ettertida, er ei større avhandling på meir enn 900 sider, Origin of the Scandinavian Nations and Languages, som kom ut i to band på eige forlag – det første bandet i 1949 og det andre i 1951. Som det går fram av tittelen på verket, er dette eit arbeid som høyrer heime i fagområdet nordisk språkvitskap, samstundes som det er tverrvitskapleg og bygger på kunnskapar i mellom anna historie og arkeologi. I dette omfangsrike verket lanserte Melberg fleire hypotesar som braut med dei gjengse faglege oppfatningane i samtida. Dette brotet var truleg grunnen til at verket blei mottatt med nesten total tagnad da det kom ut; dei få omtalane som kom, var negative.

Slik var Melberg og verket hans borte frå den språkvitskaplege ålmenta i om lag femti år. Men kring hundreårsskiftet skjedde det ein snunad. Om ein ikkje nett kan kalle det ein Melberg-renessanse, er fleire og fleire fagfolk blitt merksame på Melberg og refererer til han eller har skrive om han og arbeidet hans, både om det verket som kom i bokform, og det ein veit om arbeidet hans som keltolog.

Det faglege livsløpet

Melberg var uvanleg gåverik. Han må ha hatt ei særeiga evne til å lære seg språk, og han meistra ei rekkje språk i tillegg til det som var dei vanlege framandspråka i Noreg den gongen, nemleg engelsk, tysk og fransk. Irsk snakka han flytande, og walisisk så godt at han kunne forelese på det.

Ut frå det han valde å studere, ser det ut til at han primært har vore opptatt av historisk lingvistikk og jamførande språkvitskap. Som jamførande indoeuropeisk språkforskar må han ha vore grunnlærd. I 1932 fekk han Kongens gullmedalje for eit arbeid på fransk, Genitivus qualitatis en Latin et des langues Indo-europeennes. Mot slutten av mellomkrigstida gjorde han omfattande språkvitskaplege og folkloristiske feltarbeid i Irland, Wales, Skottland og Bretagne og heldt foredrag og forelesingar om funna sine, men publiserte aldri noko om dei.

Det er uvisst kvifor Melberg forlet universitetet utan å ta eksamen. Han flytta heim til Halden, hadde ymse slag arbeid, mellom anna i skoleverket, og fekk etter kvart lektorkompetanse utan å kunne vise til noko formelt grunnlag i form av universitetseksamenar. Men jamvel om han forlet universitetet, forlet han aldri språkvitskapen.

Origin of the Scandinavian Nations and Languages

Håkon Melberg
Origin of the Scandinavian Nations and Languages
Av .

Origin of the Scandinavian Nations and Languages er verket som gjer at Melberg så å seie skriv seg inn i faghistoria som ein original, kunnskapsrik og kreativ forskar av nordisk mål i den fasen av historia der språket av ettertida er blitt kalla urnordisk, det vil seie i folkevandringstida og tidleg mellomalder.

Hovudproblemstillinga for Melberg er kvifor språket ikkje berre i Danmark, men òg i Noreg og Sverige, gjennom heile denne tida og lenge etter blei kalla nsk tunga (dansk tunge) i mange og ulike kjelder, mellom anna i dei islandske lovsamlingane Grágás (første gong skrive ned i 1117) og Jónsbók, som var gjeldande islandsk rett frå 1271. Også Snorre Sturlason (1178/1179–1241) kallar språket dansk tunge.

Melberg skriv sjølv at det tok til med at han undra seg over namnet Dane’s Island på ei irsk øy og over at nordiske vikingar var kalla danskar i gamle irske annalar, jamvel om dei fleste vikingane i Irland kom frå Noreg. Dette hadde sjølvsagt vore kommentert av andre språkforskarar som meinte at opphavet til generaliseringa nsk tunga var å finne hos folk lenger sør og aust i Europa som ikkje kunne skilje dansk frå norsk og svensk. Det som skurrar ved denne forklaringa eller hypotesen, er at folk i Sverige og Noreg skulle ha overtatt denne språkbruken og kalla sitt eige språk dansk.

Ved hjelp av dei solide kunnskapane sine i komparativ språkvitskap, supplert med arkeologisk og onomastisk (namnevitskapleg) innsikt og kunnskap, lanserte Melberg ein alternativ hypotese. Han hevda og argumenterte grundig for at «dansk tunge» hadde komme i bruk som følgje av at danskar ein gong hadde erobra dei områda som seinare blei til Sverige og Noreg. Dette finst det òg belegg for i eldre kjelder. Edda-diktet Hyndlulióð seier at skandinavane ættar frå den danske Skjoldungætta. I Den yngre Edda nemner Snorre at det ein gong overalt der det blei tala dansk, herska ein fred kalla «Frode-freden» etter ein dansk kong Frode. Den danske historikaren Saxo som levde kring 1200, fortel at denne Frode la under seg ei rekkje provinsar i Noreg og Sverige. Snorre skriv om ei innvandring av det såkalla Odin-folket som skal ha ført «dansk tunge» med seg til Skandinavia.

Melberg festa nok meir lit til Saxo enn historikarar til vanleg har gjort, men han supplerte argumenta sine med å peike på arkeologiske funn som viser samband med Danmark, mellom anna funn frå gravhaugar. Han bygde òg på tolkingar av fleire stadnamn, mellom anna på den tradisjonelle tolkinga av landsnamnet Noreg i tydinga landet mot nord. Det må ha kome frå folk som kom utanfrå, til dømes erobrarar.

Lagnaden til Melbergs verk

Det vesle som kom av meldingar av tobandsverket til Melberg og reaksjonar på føredrag han heldt, var negativt. Så blei han gløymd.

Men frå 1990-talet var det fleire som er blitt merksame på Origin of the Scandinavian Nations and Languages og omtala det med stor interesse og respekt. Den fjerne fortida Melberg skriv om, dei første fem–seks hundreåra av vår tidsrekning, er stort sett gøymd i historisk mørker. Vi har lite kjennskap til dei ytre hendingane og dei sosiokulturelle forholda i desse hundreåra. Runeinnskrifter er dei viktigaste kjeldene. I tillegg kjem gamle stadnamn og folkenamn i det aktuelle området, folkenamn som er overleverte på latin og gresk. Men i stor grad må vi lite på rekonstruksjon.

Eitt argument som har vore trekt fram av lingvistar, er at Melbergs tolkingar vil kunne forklare kvifor urnordisk fram mot 500–550 har ei så einskapleg form over heile Skandinavia. Språket er nokså homogent, og innhaldet i innskriftene oftast relativt formelprega. Det formelprega kan i seg sjølv forklare mangelen på språkleg variasjon. Sosiolingvistar har postulert at runespråket på den aktuelle tida var eit slags koiné, ein slags prestisjevariant. Dette er ein hypotese som er blitt lansert lenge etter Melbergs tid. Melberg sjølv konkluderer: «The language was called Danish by its speakers because it was Danish.»

Melberg skal ha tatt kritikken han blei møtt med, tungt. No, i ettertid, kan vi slå fast at trass i gyldige innvendingar, finst solid fagleg grunnlag for synet hans. Hans forklaring på og tolking av bruken av nsk tunga står seg betre enn andre alternative forklaringar som er blitt førte vidare også etter at Melbergs verk blei publisert.

No ligg det føre meir arkeologisk materiale som kan peike i retning av at det har vore ei dansk erobring av delar av det som no er Noreg og Sverige. Men jamvel om det finst historisk dokumentasjon til støtte for Melbergs teoriar, må vi likevel slå fast at det vi kan vite om forholda i Norderlanda i dei første hundreåra av vår tidsrekning, er rudimentært. Kjeldene er sparsame, og mange av dei, som Snorre og Saxo, er komne til fleire hundre år etter den tida dei skriv om. Såleis vil alle forskingsresultat, også Melbergs, måtte ha form av hypotesar. Lite eller ingenting av det vi postulerer om språklege forhold i den aktuelle tida, kvalifiserer som bevis. Men det står ikkje i motsetnad til at Melbergs verk har tilført oss kunnskap og innsikt av stor verdi.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Venås, Kjell: Dansk tunge og Håkon Melberg, Syn og Segn 4, 2000, s. 66–79.
  • Aasen, Kjetil: Håkon Melberg (1911–1990): ein ukjend norsk keltolog, Hambro, Cathinka og Lars Ivar Widerøe (red.): Lochlann: Festskrift til Jan Erik Rekdal på 60-årsdagen / Aistí ín ómós do Jan Erik Rekdal ar a 60ú lá breithe. Oslo: Hermes Academic, 2013, s. 219–229.

Faktaboks

Håkon Melberg
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003474387

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg