Hågen er eit mannsnamn som er ei danskpåverka form av Håkon som går tilbake til det norrøne Hákon med omdiskutert opphav. Den vanlegaste tolkinga er at forleddet Hå- tyder ‘høg’, men det kan også tyde ‘hest’. Etterleddet -kon går enten tilbake til norrønt kyn som tyder ‘slekt’ eller til konr som tyder ‘ætling, son’.
Hågen
Kjende personar med namnet Hågen
Eit utval personar med namnet Haagen, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Haagen Mathiesen (1759–1842)
- Haagen Steffens (1873–1917)
- Haagen Ringnes (1928–2008)
- Finn Hågen Krogh (1990)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 200 menn (fødde i Noreg) som hadde Hågen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Haagen var klart mest brukt i Nord-Trøndelag. (I søylene inngår det også nokre få belegg på Hågen på 1800-talet.)
Les meir i Store norske leksikon
- mannsnamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.