Peer Gynt-spelet på Gålå i 2008
Av /NTB Scanpix.

Gålå er ei setergrend i Sør-Fron kommune, Innlandet fylke, ved Gålåvatnet på vidda vest for Hundorp i Gudbrandsdalen; 930 moh. Frå Gålå er det storslått utsikt til Jotunheimen, Rondane og Ringebufjella.

Gålå er ein kjend turiststad med mange hytter og blant anna Gålå og Wadahl høgfjellshotell. Peer Gynt-vegen mellom Østre Gausdal og Vinstra passerer Gålå.

Namnet

Namnet Gålå kan ha to opphav:

  1. Etter elva Golo, som kjem frå Gålåen, kanskje av norrønt gala, 'gale', eller góla, 'hyle, skrike', noko som da siktar til det sterke fossefallet i elva.
  2. Gålåen er det eldste namnet på Gålåvatnet. Det kjem truleg av gard, 'gjerde', og kan knytast til leiegjerde for fangstanlegg, som det var mange av ved Gålåen.

Kart

Gålå
Gålå
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg