Gyrid Axe Øvsteng
Gyrid Axe Øvsteng
Av /Samlaget.

Gyrid Axe Øvsteng er ein norsk forfattar. Ho har skrive drama og barnelitteratur. Stykka hennar er sette opp ved ei rekkje teater.

Bakgrunn

Gyrid Axe Øvsteng har utdanning frå Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1994, teatervitskap i 1996 og nordisk litteratur i 2000 frå Universitetet i Bergen og dramaturgi frå Høgskolen i Oslo i 1997. Ho har òg vore elev ved Statens teaterhøgskole i eit pilotprosjekt for dramatikarar i 2001–03.

Dramatikk

Som dramatikar debuterte Øvsteng med einaktaren Køyr i 2000. Ho har skrive og fått oppført drama ved mellom anna Det Norske Teatret i 2000–12, Nationaltheatret i 2001–02 og Teater Ibsen i 2006–14. Ho har gitt ut fleire dramatekstar, mellom anna Arv. Linedans (2005) og Gjøglaren. Nattsvermar. Gåva (2012). Den sistnemnde tittelen er scenetekstar mynta på eit yngre publikum, og dei tematiserer det å ta vare på evnene sine, våge å møte det ein fryktar, og vennskap.

Barnebøker

Den første barneboka, Finn!, kom ut i 2009. Denne biletboka handlar om tre generasjonar Finn, som leitar og finn. Draumar (2011) fortel om ei mørkredd veslesyster som vert trøysta av ein fantasirik storebror. Øvsteng samarbeider med illustratøren Per Ragnar Møkleby i barnebøkene sine. Samspelet mellom kjenslevare tekstar og spenstige illustrasjonar gir eit meiningsrikt og vakkert uttrykk, som engasjerer lesaren.

Førstemamma på Mars (2013) er basert på forfattaren sine eigne erfaringar med alvorleg sjukdom. Boka handlar om born sine kjensler, tankar og reaksjonar når nokon i familien vert svært sjuk. Jenta i historia freistar å finne forklaringar på kvar den fantastiske mor hennar er, medan ho i realiteten ligg på sjukehus og er døyande. Tekst og bilete skildrar intenst, nært og ærleg ei sår forteljing frå eit barn sitt perspektiv.

Utmerkingar

For Førstemamma på Mars fekk Øvsteng i 2013 Kritikarprisen for beste barne- og ungdomsbok og Kulturdepartementet sin biletbokpris for barnebøker.

Utgivingar

  • Mørkt (Biletbok, Samlaget, 2018)
  • Førstemamma er på Mars (Biletbok, Samlaget, 2013)
  • Gjøglaren (Barnebok, Transit, 2012)
  • Draumar (Biletbok, Samlaget, 2011)
  • Finn! (Biletbok, Samlaget, 2009)
  • Verkeleg (Antologi: Den unge scenen 2 & 3) (Dramatikk, Transit, 2009)
  • Utflukt (Ant.:Frihet som livsbetingelse) (Dramatikk, Transit, 2006)
  • Arv/Linedans (Dramatikk, Transit, 2005)
  • Bussen (Ant.:Dialoger om demokrati) (Dramatikk, Transit, 2005)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg