Guttorm er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Guð-þormr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘skåne; vise ære’.

Namnet har fleire variantar: Gudtorm, Guthorm, Gutorm, Guttorm.

Namnedag er 17. juli. Gorm har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Guttorm

Eit utval personar med namnet Guttorm, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 616 menn i Noreg som hadde Guttorm som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Guttorm har ein kurveprofil som avvik frå dei fleste andre nordiske namna. Det hadde – til liks med til dømes Halvor og Erland – toppfasen sin tidleg på 1800-talet.

Utvikling i bruk av namnet Guttorm frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Guttorm frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Guttorm på 1800-talet.

Guttorm var mest brukt i Agder, Sogn og Fjordane og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Guttorm på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Guttorm var mest brukt i Agder, Sogn og Fjordane og Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Gutorm.)

Historisk bruk av namnet Guttorm
Historisk bruk av namnet Guttorm
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Janzén, Assar 1947: De fornvästnordiska personnamnen. [Nordisk kultur 7].

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg